Fatland-klippar i verdstoppen

Han var ikkje gamle guten då han klipte sau for hand for første gong. På søndag set Fatland-klippar Åsmund Kringeland seg på flyet mot New Zealand og VM i saueklipping.

Ein saueklippar må både ha styrken og teknikken på plass. - I konkurransen er sjølvsagt tida viktig, men går det ut over ulla eller dyret, blir det slått ned på, seier Kringeland. Foto: Fatland

Rekorden er 25 sekund på ein klipp. I høgsesongen tar han unna 400 sau til dagen. Nå skal han måla krefter og klippeteknikk med 60 klipparar frå totalt 32 nasjonar verda over. 

Sju gonger har saueklippar på Fatland i Ølen, Åsmund Kringeland, stått på NM-pallen. Men det var først i fjor haust at han gjekk heilt til topps med klippekollega frå Fatland og tidlegare noregsmeister Inge Morten Tronstad, hakk i hel. 

Dei beste klipparane i landet, og kanskje snart også i verda, finn me altså på slakteriet i Ølen. 

- Medan fleire andre slakteri har gått over til linjeklipping, har Fatland satsa på tradisjonelle klipparar, og dermed lagt til rette for eit godt fagmiljø, og ikkje minst; ein god treningsarena året rundt. Å få sjansen til å jobba på eit toppmoderne slakteri saman med dyktige folk som Inge Morten og Erlend Kvinnesland er ein stor motivasjon. Arbeidsmiljøet på Fatland har betydd enormt mykje, seier Kringeland. 

Saueklipp på 41 sekund 

- Saueklipping handlar om like mykje teknikk som styrke. Du må vera kjapp, samstundes som du må passa på ullkvaliteten. Ein ting er tida, men dersom det går utover ulla eller dyret, blir du trekt mykje poeng for det, fortel Kringeland. 34-åringen frå Grinde i Tysvær arbeider fast som klippar på Fatland, der han har jobba i åtte år. 

Sidan han var 20 har han drive som profesjonell saueklippar. 

8.oktober toppa karrieren seg. Under noregsmeisterskapet i Ringebu klipte han 12 sau på ti minutt. Den raskaste klippen gjekk unna på 41 sekund. Dermed var VM-billetten i boks. 

Nå har han to veker i vente blant yrkesvener på andre sida av kloden.

- I konkurransen skal me klippa Romney-sau, som er den vanlegaste rasen på New Zealand. Den har noko meir og litt annleis ull enn dei me vanlegvis klipper her til lands, så eg må trena meg på dette, seier Kringeland, som også driv gard med sau og ammekyr. 

Sidan han var 20 har Åsmund Kringeland vore profesjonell saueklippar. Ikkje berre på Fatland, men også som sesongarbeidar på New Zealand. Foto: Fatland 

Har tru på semien

Det var også på heimegarden han fekk prøva seg med sauesaksa for første gong. Etter kvart blei han opplært i maskinklipping, og fekk for alvor blod på tann, mykje på grunn av vener frå same bransje på New Zealand. 

- Eg blei kjend med klipparar frå New Zealand som var leigde inn til høgsesongen på Fatland. Eg har sjølv arbeidd som sesongklippar på New Zealand, kor saueklipping er nærast som ein religion for mange. Nå skal eg nedover for å arbeida med venene mine der ei vekes tid før dei innleiande rundane, fortel han. 8. februar startar alvoret. 

Saman med Kjetil Torland som er klippar for Fatland på Jæren, og to ullbehandlarar utgjer Kringeland det norske landslaget som skal kjempa mot klipparar frå tidlegare vinnarland som mellom anna Skottland, Irland, Sør-Afrika og sjølvsagt, New Zealand. 

Kringeland er realist, men på ingen måte pessimist med tanke på konkurransen som ventar. 

- I motsetning til mange av dei andre som deltar gjer eg ikkje dette på fulltid. Eg driv gard og har familie, og dermed ikkje høve til å driva med klipping i tid og utide. Men eg har vunne i internasjonale konkurransar tidlegare, så eg håpar og trur eg kan nå semifinalen, fortel Kringeland.

Under høgsesongen på hausten blir det klipt mellom 350 og 500 dyr til dagen hjå Fatland Ølen. Då er det total seks klipparar i sving på slakteriet. Foto: Fatland. 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden