Eventyraren Moa


2020 var året der eventyraren Moa Hundseid frå Vikedal skulle reise åtte månadar. Planane var lagde for to månadar med guiding i Canada, segling på polhavet og Sørpolen lyste langt der framme. Opplegget var klart, investeringane gjort, og Moa hadde som alltid sikra seg at turane og skulle gi inntekt. Så kom koronaen. 

- Det var som om det raste saman alt eg hadde bygd opp. Eg er jo sjølvstendig næringsdrivane, og alt ein jobbar for kvar dag berre forsvann over natta. Men dette er ikkje ein livsstil for den som vil ha eit enkelt liv. Det er i grunn berre å sjå fram mot 2021. 

26-åringen frå Vikedal er eventyrar på heiltid, det er aldri økonomien som er drivkrafta, men derimot gleda av stadig nye naturopplevingar. For å klare å få ein inntekt på eventyra er Moa avhengig av samarbeidspartnarar, sponsorar, foredrag og av at ho byr på seg sjølv og turane sine i sosiale medium. Men koronatida opna også dører for eit nytt tilbod. Dette er året der Moa inviterer grupper med seg for å gå Hardangervidda på langs med ski, hund og pulk. På nettsidene sine omtalar ho turane på Hardangervidda som ein sjanse til å oppleve fine naturopplevingar igjen, sjølv bidreg ho med lokal mat til alle måltid og ein energisk turguiding. Turen tar ei veke, du har med deg du treng av telt, brennar, mat og klede i pulken, og drahjelp får du frå din heilt eigen polarhund. 

Image
Moa har alltid vore glad i å kome seg ut på tur, no er ho eventyrar og guide på heiltid. 

Moa er oppvaksen i Vikedal i ein søskenflokk på fire. Familien brukte ikkje sommarferiane på Danmarksturar eller sydenferiar. Dei reiste til fjells året rundt med ski eller fjellsko, og samla på flotte naturopplevingar.

- Eg trur knapt eg var ein månad første gong eg blei dradd med på tur, det er her verdiane mine kjem frå. Alle søskena er glade i å vere ute, søster mi har sykla Noreg på langs, men det er nok eg som har fått den største trongen til å reist ut og sjå høge fjell. 

Moa meiner sjølv ho er stridig, og visste tidleg at skulevegen og A4-livet ikkje passa henne. Ho valde fridomen og opplevingane ho fann på tur. Sjølv om ho stortreivst på skulen, fekk topp-karakterar og var ein skikkeleg lesehest valde ho å gjere noko annleis etter vidaregåande. 

- Det siste året på allmenn-linja snakka alle om kva dei skulle bli, somme skulle bli lærarar, sosionomar eller sjukepleiarar. Eg kjende det stritta så imot, eg ville heller reise gjennom Sør-Amerika og oppleve kulturar, destinasjonar og språk. Den draumen kunne ikkje stoppe der. 

Etter vidaregåande ville Moa reise jorda rundt. Ho arbeidde på Fatland, var avløysar og tok vakter på sjukeheimen for å spare pengar. Søstera vart med på turen, på seks månadar nådde dei over sju kontinent. Moa var 19, søstera 21 år. Turen vart det Moa i dag kallar «farteliv», mange opplevingar på kort tid og mykje vandring i gater og byar. Sjølv om turane ho startar på i dag er annleis i form og mål vart eventyrlysta vekka her. 

- Det var kjekt å reise, men det vart litt for mykje på måfå for meg, eg må ha eit mål for turen, noko å nå fram til. 

Moa starta å lese ekspedisjonsbøker og drøymde seg vekk i Cecilie Skog sine bøker. Dette var ei ukjent verd som opna seg. Moa forstod at det gjekk an å leve av den store interessa, og likevel unngå stasjonsvogn og rekkehus med det første. 

Slik kom ideen om å gå over Grønland. Dette blei den store testen, Moa hadde ikkje gått så lange turar før, og hadde og lite erfaring med å sove ute i telt. Gruppeleiaren ho hadde på turen til Grønland såg raskt at det budde ein eventyrar i Mora, desto vêret vart og desto tøffare turen vart, desto meir energi fekk ho. 

- Eg fekk tilbakemelding frå han på at dette var noko for meg, han såg at eg storkoste meg uansett. 

På turen gjekk Moa og tenkte på Sørpolen, eit stort mål i det fjerne. Då ho kom heim pakka ho sekken og gjekk Noreg på langs ti dagar etterpå, ein tur på 3000 kilometer. Til saman vart det fem månadar samanhengande på tur. 

- Ein blir jo så gira, folk trudde sikkert at eg gjekk på stoff, eg har aldri hatt så mykje energi. Eg likar det, det er då ein kan vere den versjonen av seg sjølv som ein ynskjer å vere. 

Image
Moa får energi av å samle på gode naturopplevingar


Heime sat foreldra med blanda kjensler, dei gledde seg over turane til Moa, men håpte ho snart ville byrje på ei utdanning og slå seg til ro. Moa på si side var klar for nye eventyr. I 2015 kryssa ho Nordisbreen i Patagonia i Chile, gjennomførte verdas første kryssing av Havana Beach på Cuba på ski, før ho reiste til Alaska der ho levde som hundekøyrar. 

- Livet i Alaska var fantastisk, og eg fekk auga opp for hundekøyring, i dag har eg ti hundar sjølv som er ein viktig del av det eg held på meg.

- I Alaska køyrde me kanskje 10 mil om dagen, tok ein dram på kvelden og la oss før det var same opplegget neste dag. Eg lærte veldig mykje om hundar og køyring. Det er flott å kunne samarbeide med hundane, og sjå korleis dei lystrar. Eg likar dyr, dei er enkle å forhalde seg til, der er det lite pjatt, meiner Moa. 

Sjølv kan ho somme gonger få nok av at folk klagar over kor travelt dei har det, eller kva kvardagen krev av dei. Ho meiner me kunne klart oss med eit enklare liv der me våga å setje lyskastaren på viktigare ting enn reality og kjendisstoff. 

- Det er mykje press i dette samfunnet vårt, ikkje minst på ungdommane våre som skal vere flinke på skulen, sjå bra ut og vere gode i alt. Tenk på dei som er leie av skulen, men som er flink med nevane. Dei må få kome seg ut i jobb, og gjere noko dei trivst med, og dei yrka må få betre status, slår ho fast. 

På turen over Patagonia i Chile ved kryssing av ein isbre møtte ho ein som jobba for Børge Ousland Explorations, han meinte Moa burde ta kontakt med dei for mogleg jobb som guid. I 2016 gjekk ho Kobuk River i Alaska på langs med ski og pulk, noko ho sjølv skildrar som 400 kilometer gjennom inuittkultur og 50 minusgrader med rovdyr som kulisser. Seinare det året vart det guiding for Ousland, som guide for ei internasjonal gruppe over Grønland. 

- Det kjendes heilt naturleg med det ansvaret, eg stortreivst i rolla med å få folk med på tur. Det vanskelegaste er at heile gruppa skal klare seg godt og fungere saman. Eg har sett mange som knekk saman av at dei må dra sin eigen bagasje, og det er ofte dei som har full kontroll i kvardagen og som er suksessfulle, dei taklar ofte ikkje den motstanden dette gir. Her stiller alle likt, om ein har 30 millionar eller 30 kroner i banken, eg likar det. 

Seinare har ho guida over både Finnmarksvidda og Nordvest-passasjen to gonger for Ousland, ein tur som er 400 kilometer med isbjørnar, pakk-is og eit rått landskap.

2016 var også året der Moa oppdaga Nepal. Ho vandra i Himalayafjella i Nepal åleine og avslutta turen med eit toppbesøk på Island Peak på 6189 meter. På denne turen fekk ho testa seg sjølv i høgda, ho fann at turen var lettare enn ho først frykta og det heile gav meirsmak. Likevel sto ho ved foten til Mount Everest og tenkte «dei er dumme, dei som prøver seg på dette». Turen opp på verdas høgaste fjell på 8849 meter freista ikkje i det heile. Men ho fekk ein eviglang kjærleik til folket og kulturen i Nepal, ho snakka med folk, brukte god tid på turen og blei kjent med sherpa-folket. Og etter ei tid heme igjen vakna lysta til også å stå på toppen av Mount Everest. Ein lang planleggingsjobb starta opp. 

- Det er dyrt med slike ekspedisjonar og det er mykje som skal på plass, eg likar best å ordne det meste sjølv, så held eg den kostnaden nede. Og ikkje minst får eg full kontroll, seier ho.

- Det viktigaste når ein skal klatre høge fjell er at ein har gode folk med seg, som kjenner deg godt og som vil strekke seg langt dersom det skjer noko. 

Image
Moa var sliten, men lukkeleg på toppen av Mount Everest.

I 2018 er tida komen for den største ekspedisjonen av dei alle. I Nepal møter ho bønneflagga som svingar seg i lufta, her er lokalbefolkninga dei aller beste til å kjenne fjella, turismen her er både livsgrunnlaget deira og ofte årsaka til deira største sorger, med dei som forsvinn der ute. Moa har trena mot dette og planlagt det godt, ho er klar. Difor er nedturen stor då ho på tredje dag mot hovudcampen kjenner at pusten ikkje fungerer. Moa er på veg til Mount Everest og har fått lungebetennelse, noko av det verste ein kan pådra seg i høgda. No er det viljen som rår og som får henne til

Image
I vinter kan du bli med Moa Hundseid på tur over Hardangervidda med ski, pulk og polarhundar.
å fortsetje turen. Det er aldri noko alternativ å snu. Moa medisinerer seg sjølv med antibiotika, og ved toppen av Imja Tse, om lag 5900 meter byrjar kroppen å fungere igjen. Det varer ikkje lenge, på 6400 startar ein ny sjukdomsperiode med 39 grader feber, hoste og oppkast. Moa søv med oksygen på nettene og må til slutt gå ned til ein lågare camp for å bli frisk. Men ventetida gir resultat. 14.mai 2018 står Moa på toppen av Mount Everest som Noregs yngste, og femte yngste kvinne i verda. Biletet på toppen viser ein utsliten, men lukkeleg Moa.  

I dag har Moa og sambuaren Martin Børve kjøpt seg garden Gislehaugen i Fjellgardane i Vikedal. Her drøymer Moa om dyr og gardsdrift, men utferdstrongen blir nok aldri heilt vekke. 

- Eg er ikkje klar for barn og familieliv, samstundes kjenner eg på at eg har opplevd så mykje at eg er godt nøgd. Men eg gler meg til resten, fortel ho medan ho gir mat til turglade polarhundar. 

- Eg ber framleis, helste kvar dag om nye store turar og eventyr. Gi meg 200 000 så klatrar eg verdas farlegaste fjell i morgon eller gi meg sjansen til å kjøpe ein mjølkekvote på ku og geit så byggjer eg fjøs og satsar på støling og gardslivet i fjellgardane i morgon. Eg har tru på at ein har stor sjans til å få til det ein drøymer stort om, og om ein ikkje får det til har ein uansett gleda over å drøyme. Den største grunnen til at dei fleste ikkje får det til er at dei manglar den trua på at det er mogleg trass all motgang og negativitet. Tru meg, det veit eg alt om. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden