Etne Sparebank med rekordresultat

Resultatet for Etne Sparebank i 2020 viser eit resultat etter skatt på 29,6 millionar kroner, noko som er ein auke på 12 millionar frå året før. Banken er framleis i prosess med Tysnes Sparebank om mogleg samanslåing.


– Det gode resultatet er eit resultat av dyktige og motiverte tilsette, som har gjort ein framifrå jobb også dette året, seier banksjef Rune Ramsvik.

Endringa frå 2019 skuldast hovudsakleg ekstraordinære inntekter i samband med verdioppskriving av banken sine strategiske aksjar i produktselskapa, ekstraordinær avkastning frå overskotslikviditet, blant anna plassert i Heimdal Høyrente og god auke i provisjonsinntekter frå banken sine produktselskap, heiter det i ei pressemelding. 

Les også: Vurderer samanslåing med Tysnes Sparebank

– God kostnadsstyring medførte ingen auke i driftskostnadane det siste året, men noko auka avsetningar til tap bidrog negativt med 2,8 millionar kroner. Brutto utlån auka med 1,7 prosent i 2020 og forvalningskapitalen er nå komen opp i over 2,8 milliardar kroner, skriv banken.

Banken si satsing på Heimdalfondene har ein også lukkast svært godt med siste året, der kundane nærast står i kø for å spare i fond. Heimdalfondene hadde ein vekst på 404 kundar og 415 millionar kroner i 2020. På dei to første månadane i 2021 har Heimdalfondene hatt ein vekst på om lag kr 110 millionar kroner. Totalt har Heimdalfondene nå 970 millionar kroner til forvaltning, fordelt på 1.013 kundar.

Banken er framleis i prosess med Tysnes Sparebank med intensjon om å slå saman bankane, men melder at dei framleis ikkje er i mål med samanslåinga. 



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden