- Eit høgaktivitetsår for AF Offshore Decom

Denne veka kjem nye leveransar frå Murchison-feltet til Vats, og i løpet av året startar planlegginga av gjenvinningsjobben fire riggar frå Ekofisk. Over 60 tilsette vil vera i full sving ved AF Offshore Decom i Vats resten av året.

Etter ein særs roleg start på fjoråret, er 2017 allereie på veg til å bli eit høgaktivitetsår for AF Offshore Decoms miljøbase i Vats. 

- Med viktige kontraktar sikra, har me fått eit godt grunnlag for betydeleg arbeid framover. Målet er å  framleis ha mellom 60 og 65 tilsette, og det nivået kjem me til å halda oss på i heile 2017, fortel Odd Magne Grøntvedt, Prosjektdirektør i AF Offshore Decom. 

For eitt år sidan var om lag halvparten av dei tilsette permitterte, men nå er trenden snudd. Aktiviteten har tatt seg opp, samstundes som nye kontraktar har tikka inn. 

Nye leveransar

Dei første delane frå Murchinson kom inn i fjor sommar, og siste last kom i september. Plattforma er ein av dei største stålunderstellsplattformene i Nordsjøen, og var operativ til 2014. Nå blir plattforma fjerna og kjem i større modular og delar til Vats for gjenvinning. 

Denne veka kjem Hermod, eit av Heerema sine største kranfartøy, med ny Murchison-last til AF sin miljøbase.  

- Første last med deler av ramma og deler av understellet vil komme denne veka, mens det resterande som skal fjernast vil koma på kai utover forsomaren, seier Grøntvedt. 

Gjenvinn plattformar frå Ekofisk 

I april kom nok ei gladmelding om ny storkontrakt for riving av plattformar i Nordsjøen. Som underentreprenør til Hereema Marine Contractors, skal AF Gruppen stå for fjerning og gjenvinning av fire plattformar tilknytt Ekofiskfeltet i Nordsjøen for ConocoPhillips Skandinavia AS. 

Kontrakten omfattar prosjektering, førebuande arbeid, fjerning og gjenvinning (EPRD) av fire plattformar, i tillegg til opsjon på ytterlegare ein plattform, med total vekt på omlag 36 000 tonn. Arbeidet med fjerninga skal ta til i 2017, og vera ferdig innan 2022. 

Samstundes rustar miljøbasen seg for gjenvinning av Huldra-plattforma som skal fjernast i 2019

 - Desse oppdraga er med på å leggja eit grunnlag for at me også klarer å fylla ordrebøkene framover. Det gir oss høve til å tenkja meir langsiktig, og me jobbar for at den høge aktiviteten i år vil halda fram med bakgrunn i dei nye oppdraga i åra som kjem, seier Grøntvedt.

I tillegg til arbeidet med Murchinson, rustar AF Offshore Decom seg for ytterlegare store oppdrag  i tida som kjem. Både Huldra-plattformen og fire plattformar frå Ekofisk skal gjenvinnast ved miljøbasen i Vats. Foto: Ellen Marie Hagevik. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden