Ein rådmann mønstrar av

- Ein av dei første sakene eg hadde då eg starta var reguleringsplan for Ølensvåg. Og på fredag gjekk den ut på første gongs behandling, så kom ikkje her å sei at kommunen ikkje er målretta!


1. juni overlet han stafettpinnen til Yngve Folven Bergesen, etter 10 år som leiar av kommuneorganisasjonen. Avtroppande rådmann Kristians Birkeland ser tilbake på eit innhaldsrikt tiår med mange milepælar, samstundes som det er fleire prosjekt han gjerne skulle sett blei realisert. 

Avtroppande rådmann Kristian Birkeland sparer ikkje på den kommunale sjølvironien når han ser tilbake på ti år som rådmann i Vindafjord. 1.juni tar Yngve Folve Bergesen over rådmannskontoret i Vindafjord. Birkeland vil framleis vera med som «daljert» i ein overgangsperiode fram til 1. august. Då takkar han av etter 10 år som leiar av kommuneorganisasjonen, og ser tilbake på eit tiår med stor utvikling som resultat av det han meiner er eit sjeldan godt samarbeid. 

 - Samspelet mellom frivilligheita, næringslivet og det offentlege i Vindafjord er ein styrke ein sjeldan ser andre stader. Saman har me ei enorm slagkraft. Ja, me har krangla ein del og næringslivet meiner nok at kommunen kan vera ein treiging og håplaus med planarbeid og den slags. Men når eg ser tilbake har me fått til enormt masse saman, ting me me aldri fått til kvar for oss. Me kan krangla ein del, men me får til samspel, og det er vesentleg for å få til utvikling, seier Birkeland. 

Viste styrke i flyktningekrisa

Dette samspelet har resultat i ei lang liste tiltak, og det er fleire av dei Birkeland drar fram som særleg viktige milepælar i løpet av dei ti åra han har vore rådmann. 

- Av gode grep me har vore med på står etableringa Vindafjord tomteselskap høgt på lista. Utan tomteselskapet ville Vindafjord aldri klart å halda tritt med bustadtilbod under folkeveksten mellom 2008 og 2017. Dette var resultatet av ei kommunal satsing og eit sterkt, initiativrikt næringsliv. 

Næringshagen er nok eit døme Birkeland drar fram. Eit tiltak som det var blitt sterkt oppmoda om frå fylkesnivå. Nyskaping i tider der alt gjekk godt. 

 Vindafjord var ein av kommunane som hadde fått det best til. Det var samarbeidet mellom næringsliv, det frivillige og det offentlege som klarte det.

- Tidlegare næringssjef i Rogaland mumla stadig vekk om at det burde vera ein næringshage i Vindafjord. Me arbeidde ei tid med dette, før me tok runden til aktuelle samarbeidspartnarar i næringslivet. Det var laber respons heilt til me kom til Omega. Sigmund Lunde tok ideen, og sette i gong. Då var det berre for oss å trø til sides. Til og med SIVA blei tatt på senga då Sigmund stilte i møte og ikkje bad om pengar til etablering, men heller spurte om dei kunne tenkja seg å vera med. 

Han drar fram også kommunen si rolle i flyktningkrisa.  Vindafjord si handtering fekk merksemd langt utover kommunegrensene. 

 - Flyktingekrisa viste verkeleg styrken i Vindafjord-samfunnet. I løpet av fjorten dagar, skulle me ta i mot 380 asylmottakarar. Det gjekk kanonbra. Me fekk mykje skryt frå UDI, og også riksdekkande media omtala handteringa av situasjonen her; Vindafjord var ein av kommunane som hadde fått det best til. Det var samarbeidet mellom næringsliv, det frivillige og det offentlege som klarte det. 

Nedturen som aldri kom

Til trass for ei rekkje vellukka prosjekt, var det mange harde tak i starten. Då Birkeland starta i jobben var nye Vindafjord kommune knappe to år gammal. 

- Det var ganske tøffe tider i kommunen; begge kommunar hadde hatt raude tal over tid. Men det var også ein av grunnane til kommunesamanslåinga. Ein tenkte at minus og minus gir pluss. Og det gjorde det for så vidt etter kvart her og. Det blei gjort eit svært bra stykke arbeid med å få på plass ein sunn økonomi, etter nokre dårlege år. Samtidig som me måtte stramma inn, var det også ei stor satsing på å byggja ein god kommune å bu i, me satsa offensivt på barnehagar og skulerestaurering. 

Medan resten av landet fekk smaka på nedgangstidene i 2009, gjekk Vindafjord fri for den store motgangen. Innføringa av eigedomsskatten var ein av årsakene, men også eit næringsliv som trass bremsen elles i landet, klarte å halda hjula i gang i Vindafjord. 

- Norske kommunar fekk kompensasjon frå staten for å demma opp mot den økonomiske krisa som slo innover landet i 2009. Men nedturen kom aldri hit. Arbeidslivet var aktivt og skatteinngangen god. Næringslivet blomstra og folketalet auka. Det var ein sterkt medverkande faktor til at kommunen hadde grøne tal og gjekk med overskot i desse åra, seier Birkeland. 

Men etter det har gått opp, går det også ned igjen. Dei siste åra har Vindafjord fått kjenna på aukande arbeidsløyse, og dermed større utgifter og stramare rammer for kommunen. 

- Det å jobba i motgangtider har vore utfordrande. Ein ting er å plussa på nokre millionar på kommunebudsjettet, det er noko ganske anna å kutta 17 millionar og stå for det. Når det går dårleg i næringslivet, slår det ut på kommunebudsjettet også. Det gir færre skattekroner, og større utgifter. Me måtte leggja til fleire millionar i sosialhjelp i løpet av kort tid. Det var krevjande, seier Birkeland. 

- Mor mi var litt kry då eg blei rådmann, og var litt spent på første artikkelen som kom då eg blei rådmann. Men ho blei ikkje særleg begeistra. Det var ei sak om språkarbeidsplassar for Ukraina-sjukepleiarar som ikkje hadde gått heilt som det skulle. Den andre gongen eg blei anmeldt var i samband med rivinga av Svampen i Sandeid. Då måtte eg til og med møta i retten.

Eitt par hjartesukk

Det er mykje godt som er gjort i løpet av dei siste ti åra, men også mykje som aldri blei dradd i land. Birkeland nemner blant anna det store «operabygget» som var planlagd i Ølen, og vindmølleparkane i Vindafjord, noko han svært gjerne skulle sett blei gjennomført. 

- Næringsmessig hadde det etter mi meining vore kanonsak for Vindafjord. 

Kommunen fekk heller aldri dreisen på ei auka hotelldrift i Ølen, til trass for at kommunen aktivt gjekk inn for å satsa på dette. 

- Me sette stort fokus på dette ein periode og kopla Frank Abelseth inn i prosjektet. Og sjølv om det i gode tider budde mykje folk her som kom langvegs frå, så fekk me aldri gang på hotellverksemda i Ølen, og det har forundra meg. Rådmannen skulle også gjerne sett Vindafjord med i nok ei kommunesamanslåing. 

- Etter mi meining ville me stått mykje sterkare saman med Etne. 

Og eit aller siste hjartesukk: Planen for ny E134 var nærast gryteklar, men kom ikkje med i Nasjonal Transportplan og nå er i det blå. 

- Me jubla litt for tidleg for ny veg. Kommunedelplanen gjennom Etne og Vindafjord har fått mykje merksemd og blei løfta fram som ein flott prosess der me kunne fått sett i gang. Nå ser me han ikkje for om kanskje 20-30 år. 

- Må ta vare på dei frivillige

I heile rådmannsperioden hans, har Senterpartiet hatt ordførarkjedet. 

- Vindafjord er ein tung Sp-kommune. Og det er både fordeler og ulemper ved ein slik politisk stabilitet.. Ein del prosessar tar lang tid, krev stabilitet og at ein har ei klar retning slik at ein når målet. Men det er også ei anna side; sementering av strukturar kan vera negativt. Hadde det vore meir bevegelse i politikken kunne me nok også fått meir dynamikk, seier Birkeland. 

Det er tre ting som Vindafjord MÅ ta godt vare på: det lokaleigde næringslivet, frivilligheita, og kulturlivet. 

Birkeland meiner han forlet roret i ein fagleg sterk kommune, med mykje framdrift. Men for å sikra god utvikling også i framtida, veit han kva som blir den viktigaste jobben til arvtakaren: 

- Det er tre ting som er avgjerande viktige å ta vare på i kommunen: 1. Det lokaleigde næringslivet - gründarane som driv butikk og som har eit brennande hjarte for bygda si. 2. Dei frivillige, som her i Vindafjord har ein unormalt god «drive». Ein skulle mest tru det blei drive eldsjel-oppdrett, med så mange som brenn for frivillig arbeid retta mot eldre og omsorg. 

Og sist, men ikkje minst: kulturlivet. 

 - Mange meiner kommunen brukar lite pengar på kultur, og at me burde brukt meir. Men eg kjenner ikkje til mange andre kommunar med eit så rikt og bredt kulturliv. Det kan vera ein brannfakkel å sei dette; men der kommunen tar eit veldig sterkt eigarskap i kulturlivet, kan kulturen komma til å lena seg for mykje på kommunen. Det trur eg kan vera negativt. Men me MÅ ta godt vare på dei kreftene som driv det.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden