Ein ekte kontorist

Sissel Aarvik stortrivst på kontoret sitt og i fellesskapet på Teknisk bygg i Sandeid. Når ho ikkje jobbar er det ut på tur til skogs eller til fjells. Eller korsong.

Ein typisk arbeidskvardag? 

- Eg er ein ekte kontorist. Bortsett frå møter og synfaringar av og til, skjer det meste av jobben min på kontoret. Her handsamar eg reguleringsplanar og kommuneplan. Det er eit omfattande, spennande og utfordrande arbeid opp mot dei som sender inn planar, regionale myndigheiter, formannskap og kommunestyre. 

På kontoret
Namn: Sissel Aarvik (61)
Bustad: Sandeid
Sivilstand: Singel
Stilling: Seniorrådgjevar plan, Vindafjord  kommune, Areal og forvaltning
Kor lenge i stillinga: 11 år

- Kva er ditt «må ha» i arbeidskvardagen? 

- Data er min «hammar og spikar», og eg er totalt avhengig av at IKT-en fungerer til ei kvar tid. Du merkar fort på huset når det er noko gale med dataen, då summar det i gangane. Elles går eller syklar eg til og frå jobb uansett vêr og årstid. Det er ein god start og avslutning på arbeidsdagen. 

Kva karakteriserer din arbeidsplass? 

- Mange flotte folk og spennande arbeidsoppgåver. Samstundes som vi tilsette her på Teknisk bygg jobbar kvar for oss med mange ulike oppgåver som arealplanar, byggesaker, oppmåling, landbruk, skogbruk, vilt og kommunaltekniske tenester, er vi integrert i kvarande, og huset fungerer som ein heilskap. 

Kva er den mest spesielle dagen du hugsar på jobb? 

- Det må vera siste innspurten til kommuneplanen i 2016. Eg var på jobb klokka sju om morgonen og gjekk heim klokka 12 dagen etter. Det var på ingen måte planen å jobba 29 timar i strekk. Utpå natta merka eg at eg hadde vore lenge på jobb. Då blei eg svolten og var rundt på huset i håp om å finna sjokolade eller noko anna etande. Fangsten blei nokre tørre knekkebrød og kjeks, men det gjekk ned. Og saman med kaffi – som eg drikk lite av til vanleg – heldt det meg gåande. Eg fekk levert til rett tid, men deretter var det strake veien heim og kvila på sofaen. 

Kva gjer du på når du har fri? 

Då er det ut på tur til skogs eller til fjells. Eg er også med i byråkratgjengen som går tur kvar tysdag kveld. Der har vi mellom anna gått Ut på tur-turane. Og så er eg den forsiktige alten på bakerste benk i KORe’ Vindafjord.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden