Inviterer til Dyrsku på Vindafjordtunet


25. mai blir det Dyrsku på omsorgssenteret i Vats. 

Det blir garantert god stemning med dyr på tunet!  Her frå fjorårets Dyrsku. 

- Det heile starta vel med at fleire snakka om at dei skulle dra på Dyrskun i Seljord, og nokon fekk ideen om å ta Dyrskun «heim» hit, til Vindafjordtunet. Det viste seg å bli stor suksess, og difor opnar me nok ein gong dørene for ein dag med yrande folke- og dyreliv hjå oss, seier Bauge. 

Laurdag 25. mai inviterer tilsette i samarbeid med fleire friviljuge organisasjonar til Dyrsku på Vindafjordtunet for tredje året på rad. Frå kl. 13.30 er både brukarar, pårørande og alle andre velkome til ope fesjå på omsorgssenteret. 

- Bondelaget stiller opp med dyr, og bygdekvinnelaget stieker lappar. Det blir trekkspelmusikk, køyring med hest og kjerre og andre aktivitetar, fortel Bauge. Arrangementet kjem som eit resultat av initiativ frå eldsjeler både blant dei tilsette og lokale frivillige. 

- Dette er eit veldig viktig arrangement for brukarane våre på Vindafjordtunet, og me er utruleg takknemlege for alle som har vore så positive til å vera med å bidra til dette. Fleire av dei som bur hjå oss er fødde og oppvaksne på gardar, eller der dyrehald er kjent for dei. Me opplev korleis minna og mange gode historier kjem tilbake når dei kjem i kontakt med dyra. Dette er eit veldig kjent og trygt miljø for mange av brukarane våre, og ein dag dei gler seg over, seier Bauge.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden