- Du er din eigen sjef

Eit generasjonsskifte er på gong i Etne kommune. Stadig fleire unge bønder vel å satse tungt innan landbruk.


 - Folk er kanskje litt imponert når ein fortel at ein er bonde. Imponert over at me som unge vel det som yrke og vel bort andre yrker me kunne tent meir i, seier Martin Heggelund.

Sjølv er han fødd og oppvaksen på gard og har valt bondeyrket. På garden på Nedre Austrheim har han rundt 300 slaktegris, 70 vinterfôra sauer, og fire vestlandsk fjordfe som skal bli ammekyr på sikt.    

- Det er stor meistingskjensle i å vere sin eigen sjef og tene etter kva ein klarar å prestere, legg han til.  

Bøndene Anne og Kai Egil Vae driv gard på Grønstad og har stadig utvida drifta. Nå har dei 150 vinterfôra sauer og 11 årskyr i drifta.

- Det er eit veldig spennande yrke, mykje forskjellig å gjere og moglegheit til å kombinera med noko anna. Ein får lov å vera ute, vera saman med dyr og finna sin plass. Men det er nok ulike grunnar til at dei forskjellige bøndene vel å vera bønder, seier Anne Holter Vae.  

Bonde og leiar i Etne Bondelag, Roar Gundegjerde, meiner det er stor giv til å satse innan landbruk i Etne.

- Etne er ei storlandbruksbygd, som har hevda seg godt i Vestland fylke. Her har me mest innan melkeproduksjon og griseproduksjon, og ein del som driv med sau og kje.

- Me har eit godt miljø her inne, ungt og framoverlent, og det satses 100 prosent med utstyr og driftsbygningar i topp klasse, seier Gundegjerde.  




Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden