Desse fekk friske korona-midlar


Både Etne og Vindafjord kommune fekk tidlegare i haust ny tildeling med statlege koronamidlar. Målet med tildelinga var å hjelpe lokale verksemder som er særs ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Vindafjord kommune delte ut totalt 585.000 kroner i denne potten,  medan Etne kommune hadde i denne runden 533.000 kroner til utdeling.


Bedrifter som fekk støtte i Vindafjord:

  • Frisk Treningssenter fekk 65.000 kroner
  • Fikse Næringsutvikling, Ølen Gjestegård, Vikedal Kro og Motell og Nesheimstunet fekk 55.000 kroner.
  • Ølen Kulturhus, Frøken Fryd, AdmMit og Ålreit AS er tildelt 40.000 kroner.
  • Unni Marie Rosemaling og Christiansen AS har begge fått 30.000 kroner.
  • Plassbakeriet, Moa Hundseid`s expeditions, Urmaker Arnestad, Ebnes Hagesenter, Handelshuset Ølen og Hans og Grete Ølen er alle tildelt 10.000.



Bedrifter som fekk støtte i Etne:

  • Etne Camping og Old River Village fekk 78.000
  • Fugl Fønix 78.500 kroner
  • Etne Senterforening fekk 70.000.
  • Fikse Næringsutvikling fekk 61.500,
  • Åkrafjorden Oppleving og Skånevik Fjordhotel drift fekk kvar 50.000 kroner.
  • Diamanten Frisør mottok 32.000
  • Skakke Røykeri vart tildelt 35.000 kroner.


 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden