Hopp til innhald

Dei som valde annleis 

Er det framleis slik at menn jobbar i industri og transportsektoren, medan kvinner utdannar seg innan helse og oppvekst? Me har utfordra nokre av dei som har gått sine eigne vegar. 


John Richard Isaksen har aldri angra på at han valde yrket som barnehagelærar, i dag er han styrar i Vikedal FUS barnehage. (Foto: Hanna Maria van Zijp)

– Altfor mange menn trur at jobb i barnehage er det same som bleieskift og barnepass. Det er det også, men det er så mykje meir, seier John Richard Isaksen (30) som er styrar i Vikedal FUS barnehage.  

John Richard ser i alle fall ikkje ut til å angre på yrkesvalet der han møter oss i ein julepynta barnehage i Vikedal. Eit godmodig smil breier seg i ansiktet som er ramma inn av skjegg. Trass i at Noreg er eit av verdas mest likestilte land vel dei aller fleste framleis tradisjonelle yrkesval med tanke på kjønn. I følgje tal frå Utdanningsdirektoratet, var det i desember 2021 totalt 10 prosent menn tilsette i norske barnehagar. I dei kommunale barnehagane var det 8,3 prosent menn, medan det i private barnehagar var 11,8 prosent menn. Ein barnehagelærar i privat sektor har 22 600,- meir i startlønn enn ein barnehagelærar som startar i kommunal barnehage, ifølgje Utdanningsdirektoratet sin lønnskalkulator.

– Eg visste tidleg at det var dette yrket som passa meg best. Kanskje mor mi inspirerte meg då eg var liten, ho jobba i barnehage og snakka varmt om det heime, fortel John Richard. 

Sjølv prøvde John Richard seg som sommarvikar i ein barnehage før han starta på utdanninga som barnehagelærar i Stavanger. I 2014 var han ferdigutdanna og klar for jobb. 

– Me var nokre gutar på utdanninga, nokre av dei droppa ut etter kvart, men fleire vart óg verande.  I etterkant har me sett det: Det er lett for oss å få oss jobb etterpå. Menn blir nesten headhunta inn i barnehagane, så ein kan velje og vrake mellom jobbar, nesten.

John Richard trur mange menn burde fått oppleve ein dag i barnehagen for å sjå om yrket fristar. (Foto: Hanna Maria van Zijp) 

Etter kvart fekk John Richard jobb som pedagogisk leiar i Sandnes, før behovet for å flytte til Sauda trengde seg på. Då opna det seg ein sjans for jobb i heimbygda til John Richard, Vikedal. 


– Det er ein fantastisk gjeng her, eg kjenner at dette er ei rolle som passar meg godt, eg likar å leie, og eg likar å sjå kva me får til saman her som eit kollegium. Det er givande å jobbe for barna, vere delaktig i deira kvardag og hjelpe dei framover på eiga ferd. Det er jo små menneske som utviklar seg emosjonelt her, det er sterkt, seier John Richard. 

Vikedal-barnehagen er delt inn i tre avdelingar: Kråkebolla for dei største barna, Sjøstjerna for dei mellomste og Krabben som småbarnsavdeling. I Sandnes-barnehagen han jobba i tidlegare, var dei heile åtte menn på jobb, tre av dei var samla på same avdeling. I Vikedal er det berre han. 

– Det er klart forholda i Sandnes også var større, og mange fleire tilsette totalt. Likevel så trur eg mange menn har lettare for å ta eit vikariat i barnehage der, fleire jobbar i vikarbyrå, og arbeidslivet er meir variert. 

– Korleis tenkjer du sjølv når du skal rekruttere, leitar du etter menn? 

– Nei, eg gjer jo ikkje det. Det viktigaste for meg er magekjensla og at me har god kjemi med dei som vil jobbe her. Det er ingen menn som har banka på døra så langt, men det er klart dei er velkomne til å søkje. 


– Korleis skal du få fleire menn interesserte i yrket? 

– Eg trur faktisk dei må kome innom og sjå korleis me jobbar, sjå at dette er meir enn bleieskift. Det er så mykje leik og aktivitet ute og inne at jobben passar mange fleire enn mange trur. Det er berre å ta kontakt så skal folk få sjå korleis kvardagen vår er. 

– Og så er det den lønna då. Etter mi meining er jo dette ein av dei viktigaste jobbane som finst, og skulle ha vore lønna deretter. 

På vindauga i barnehagen har nokon skrive «God jul» med raude bokstavar, julekulene er komne på treet og ute er det full leik under lyslenkene som viser at høgtida snart er på veg. Sjølv er han dagleg leiar i 60 prosent, siste dagen i veka er han ute i leik med borna. 


– Det er nok det aller kjekkaste med jobben, og det eg har minst lyst til å gi frå meg. 


Rana Sadiq Hamid, leiar i Vats barnehage, kjenner seg godt igjen i kvardagen John Richard fortel om. I tida etter ho tok over leiarjobben ved årsskiftet har ho hatt tre-fire jobb-annonsar ute. Berre éin mann søkte, men trakk seg etterpå. 

– Eg skulle gjerne ha tilsett ein mann, eg tur me har godt av ha å begge kjønn representert på arbeidsplassen. Menn kommuniserer ofte meir direkte enn kva me kvinner gjer, me tenkjer meir om allslags som blir sagt. 

– Naturbarnehagane har ein enklare jobb med å rekruttere menn trur eg, sidan dei har fleire av dei typiske aktivitetane som menn finn freistande med jobben. Dei er ute på tur og i aktivitet heile tida. I tillegg handlar det ganske sikkert om lønn, barnehagelærar er ikkje like godt lønna som mange andre yrke med like langt utdanningsløp. Her må ein brenne for yrket, lønn er i alle fall ikkje noko drivkraft, meiner Rana.


Ingunn Frøland skifta retning, frå helsefagarbeidar til platefagarbeidar. (Foto: Westcon ) 


Somme kan og bli motiverte til å skifte yrkesretning på grunn av betre rammevilkår, og høgare lønn. Ingunn Frøland (26) frå Vats utdanna seg opphavleg til helsefagarbeidar, men i 2021 valde ho å omskulere seg til platefagarbeider. 

– Eg hadde lyst til å prøve noko nytt, og som åleinemor til tre gutar vart det naturleg å leite etter ein jobb som var betre betalt, og der arbeidstidene var meir familievennlege. 

Ho hoppa på vaksenopplæringstilbodet som kom via Åkrehamn videregående skole under koronapandemien. Her fekk ho sjansen til å få ny utdanning på plass, og det på rekordtid. 

– Dette er eit heilt fantastisk tiltak, eg vart ferdig med skulen i juni, no jobbar eg som lærling hjå Westcon Karmsund. 

Der hadde ho og sommarjobb i år. 

– Det er viktig at utdanninga går raskt, med tanke på at dei fleste her er godt vaksne og etablerte med både huslån, høge straumrekningar og barn, fortel Ingunn, som stortrivst på jobb sjølv om ho er den einaste dama i flokken. 

– Eg har nok møtt nokon som har litt fordommar mot damer i industrien, men ikkje mange. Og sjefen er veldig grei, her tar me det med éin gong viss det dukkar opp noko. Westcon har óg tilrettelagt mykje for meg, med eigen garderobe. Så alt er på plass viss me er så heldige at me får inn fleire damer. 


Ingunn meiner dei fleste tek godt omsyn til at ho ikkje alltid klarer det same fysisk som gutane. 

Ingunn trivst godt, sjølv om arbeidsplassen er mannsdominert. (Foto: Westcon) 

– Som regel er gutane sterkare og er høgare slik at dei når lenger, men samstundes er eg lågare og kan lettare smyge meg inn der det er trongt. Eg trur at ei mannsdominert bedrift som dette har veldig godt av å få inn damer, det blir fort eit litt anna språk på brakka og då, seier ho og ler. 

– Eg trur skulane skal bli endå flinkare til å vise fram alle moglegheitene som finst, både til gutar og jenter. Industrien er ikkje for alle uansett, men det kan vere mange jenter som vil trivast der for det. 

Ho har lært seg til å stille dei gode spørsmåla på jobb, for å lære mest mogleg, og det er alltid ein kollega eller to som ynskjer å forklare. 

– Eg anbefaler å gjere det ein har lyst til, og ikkje det som blir forventa av deg. Det er mange moglegheiter viss ein berre ser seg litt godt rundt. Eg veit ikkje om eg spesielt modig, men kvifor utsetje noko? Ein må berre gjere det. 


Etne kommune er ein av aktørane bak utdanningsløpet Menn i helse, som gir fagbrev som helsefagarbeidar og som skal motivere fleire menn til å velje helsesektoren. Vibeke S. Heggebø, som jobbar ved Etne Omsorgssenter, seier prosjektet er positivt for å få fleire menn i helsesektoren. 

– Det er viktig å setje søkjelyset på utfordringa. Me veit lite om kvifor så få menn vil inn i helse og omsorg, men me anar nok at det er mange fordommar knytt til menn i omsorgsyrket. Tradisjonelt sett har det vore flest kvinner i desse yrka, seier ho. 

– Me skulle gjerne hatt fleire menn med oss, sidan det gir ein god balanse i eit arbeidsmiljø. Det er óg viktig at begge kjønn er representerte i dei tenestene me tilbyr til innbyggjarane, og me veit at fleire pasientar set pris på mangfald av helsepersonell rundt seg. 

Tal frå Helsedirektoratet viser at det i 2020 framleis berre var 15 prosent menn tilsett i helse – og omsorgssektoren, likevel går tala rette vegen. I 2020 var det 34.503 sysselsette menn i kommunale helse- og omsorgstjenester, noko som er ein auke på 20 prosent frå 2016.


Her er helsekandidat Bir saman med Lilja Opedal, Ellen Rullestad og Martha Gravelsæter (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland) 


I prosjektet Menn i helse er det arbeidsgjevar som vel ut dei helserekruttane som skal starte på løpet. Kandidatane blir inviterte inn til intervju, og deretter blir det gjort ei vurdering på om kandidaten passar inn i kollegiet og kan starte på utdanningsløpet. Kandidaten får så sjansen til å jobbe gjennom ein sommarferie med tett oppfølging, før det vidare blir ein kombinasjon av teoriutdanning og praksis på arbeidsplassen. Arbeidssøkjande menn i alderen 20 til 55 som er registrert hjå NAV, kan søkje om å bli helserekrutt. Rekruttane får delvis lønn frå NAV og delvis frå kommunen der dei jobbar. Nasjonalt har 800 menn så langt tatt fagbrev via Menn i helse. 9 av 10 med fagbrev har fått relevant jobb i etterkant. 

Bir likar å jobbe med eldre menneske, det gir meining i kvardagen. (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmelan

I Etne er det berre Bir Bahadur Tamang som tek utdanninga nett no. 25-åringen gler seg over den nye kvardagen, og ser fram til utdanninga er ferdig. Han er klar for fast jobb i helsesektoren. 

– Eg likar veldig godt å jobbe med eldre menneske, snakke med dei og hjelpe dei. I framtida har eg veldig lyst til å jobb her i Etne, der eg bur, fortel Bir. 

Han skryt av tett oppfølging frå vegleiaren. Tilbakemeldingane frå venner og familie har vore gode på at han valde nett denne vegen. 

– Folk syns dette er eit godt val, og eg gler meg til eg er ferdig. Eg er nett starta, men det er kjekt å lære noko nytt. Eg syns absolutt fleire menn burde velje denne retninga, meiner han. 




Camilla Grindheim (30) valde helse og sosial-fag på vidaregåande, mest fordi ho følte det var noko «alle» gjorde. Planen var eigentleg å bli hudpleiar, men etter kvart endra målet seg til fotterapeut. 

For Camilla Grindheim sin del vart hudpleie skifta ut med yrkessjåfør, det passa betre. (Foto: Privat)

Ho fullførte utdanninga, men det var liksom noko som ikkje heilt stemde. 

Var det dette ho ville bruke arbeidslivet sitt på? 

Nei, men kva skulle ho satse på viss ikkje? 

– Eg byrja å sjå meg rundt etter noko anna, som eg følte passa meg betre. Sidan eg  alltid har vore glad i å køyre bil, dukka ideen om å køyre lastebil opp. Eg spurte meg rundt for å finne ut kva eg måtte gjere for å realisere det, og fekk meg etter kvart læreplass i Suldal Transport.  

Då fall det meste på plass for suldalskvinna, som no er etablert med familie og gard i Etne. Etter eit par år bak rattet, er ho nå dagleg leiar ved Lærlingkontoret Yrkessjåfør og Logistikk SA. Suldal Transport AS, Hustvedt & Skeie Transport AS, Bøviks Transport AS, Gangstø Transport AS og Toth Transport AS står bak lærlingkontoret. 

– For meg var det viktig å ha det kjekt på jobb. Den jobben eg har no er dessutan ein hobby, eg føler aldri at eg er på jobb, eller har heilt fri.  

I jobben som yrkessjåfør, var ho ikkje redd for å prøve nye ting. Ho likar seg godt på vegen. Dagane i bil var varierte, og møta langs vegen med kundar og kollegar viktige.  

– Mange av dagane kunne og vere lange og krevjande. Vinterdagen kan det vere tøft, og eg var mange gonger stolt over meg sjølv. Yrkessjåfør er eit yrke som treng å få løfte statusen sin, dei gjer ein viktig jobb der ute.  


Etter to år på vegen hamna Camilla i ei trafikkulykke med personbil, og yrkeskarrieren måtte endrast noko. Timane bak rattet vart skifta ut med logistikk, men framleis i same bransje og i same bedrift. I dag hjelper ho andre som drøymer om fagbrev som yrkessjåfør.  

– Det er stas å arbeide med desse ungdommane, og sjå alt arbeidet dei legg ned før dei kan ta fagprøven. Dei blir litt «mine» undervegs, så det er alltid spanande korleis det går på prøven.  

– Ungdommane må hugse på at dei ikkje alltid treng å ha rette skuleutdanninga for å få læreplass, eg har faktisk to lærlingar no som kjem frå frisørfaget. Det er mykje forskjellig bakgrunn som kan vere nyttig i denne bransjen, spesielt dei som har erfaring frå service, dei veit korleis dei skal handtere kundar, fortel Camilla som gler seg over at det ikkje er uvanleg med jenter bak rattet lenger. 

Det blir dessutan stadig fleire kvinner i bransjen. Av lærlingane til Lærlingkontoret Yrkessjåfør og Logistikk SA som går på transportlinja i Sauda, er 4 av 10 elevar jenter. Likevel viser tal frå utdanning.no at det i 2020 berre var 4,4 prosent kvinner blant yrkessjåførane

 




Ledige stillingar

Utbjoa Armering & Sveis AS
Frist: 10. feb
Elementbygg Vest
Frist: 31. jan

Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips