Chilli Frisør flyttar til Ølen

Kristin Bøygard Holthe er klar for nye utfordringar. No flyttar ho frisørsalongen sin til det gamle bakeriet i Ølen.


Kristin Bøygard Holthe har drive frisørsalongen sin Chilli Frisør i 10 år i Ølensvåg. No kjende ho på behovet for nye utfordringar. Etter eit år der ho både har søkt andre jobbar og usikkerheit rundt salet av huset ho driv salongen i no kom plutseleg moglegheita for å flytte til Ølen opp.

Image
Dei nye lokala i Ølen sentrum skal pussast opp med maling, ny tapet og nytt golv. Foto: Privat. 
- Då datt det meste på plass, og eg forsto at det er frisør eg har lyst til å vere. Kundane og kontakten med dei er det aller viktigaste for meg, eg kjem tett innpå dei når dei sit i stolen, og me kan snakke om det meste. Eg elskar jobben min, fortel Bøygard Holthe. 

Ho skal pusse opp dei nye lokala ein del, og renovere salongen med maling, ny tapet og nytt golv. Likevel satsar ho på å vere klar for opning midt i januar. Det blir drift i den gamle salongen i Ølensvåg heilt fram til 28.desember, så blir det truleg stengt første veka i januar på grunn av flyttinga.

- Dette gler eg meg til, dette er eit flott hus med mykje historie i veggene. No kjente eg at gløden er tilbake, og eg er klar for å gi gass igjen, slår ho fast.

Koronatida vart tøff også for Chilli Frisør. 

- Det var veldig merkeleg å stenge ned salongen, iallfall for meg som nesten aldri har vore vekke frå jobb. Og i haust var det spesielt å drive salongen med munnbind, det var ei usikker tid når det var ein del smitte her.

- November var også rolegare enn vanleg, sidan ingen skal ut på julebord eller noko anna er det mange som har utsett frisørtimen sin. Men alle skal klippe seg før jul, så no er det hektisk igjen.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden