Risa klar for byggestart

Tysdag 7. november blei kontrakten signert, og Risa startar arbeidet med den nye gang- og sykkelvegen mellom Ølen og Ølensvåg om få veker

Avdelingsdirektør Astrid Eide i Statens vegvesen og direktør samferdsel i Risa AS Erlend Fiskum, signerte kontrakten om bygginga av den nye gang- og sykkelvegen 7. november. Foto: Statens vegvesen

- Me signerte kontrakten med Risa i går, og dei er klar til å setja i gang i månadsskiftet november/desember, seier prosjektleiar i Statens Vegvesen, Asbjørn Opedal.  

Risa leverte beste tilbod ved tilbodsopninga i september

Det er endå usikkert kor på strekninga arbeidet vil starta, men vegnaboar og innbyggjarar elles vil bli fortløpande informerte om arbeidet. 

- Me kjem til å senda ut informasjonsskriv tidleg i desember, der me opplyser om framdrifta i prosjektet og kva følgjer anleggsarbeidet vil få for både vegnaboar og trafikkantar på strekninga, seier Opedal. 

Den  3,3 km lange gang- og sykkelvegen skal etter planen stå ferdig om to år. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden