Rekordmange tok stafetten over Fikse

24 kniva om stafettpokalen over Fikse i dag, og Berge Sag gjekk av med sigeren.



Over Fikse blei arrangert for første gong i fjor, og i år stilte meir enn dobbelt så mange lag til start på Ølen Stadion. 24 lag sende stafettpinnen gjennom 10 etappar på om lag 12,5 km frå Ølen til mål inne på Skakkesenteret i Etne. Nokon med litt meir konkurranseinnstinkt enn andre. 

- Kjempekjekt at så mange lag blei med! Og det blei ekstra artig med nokre spenstige duellar inn mot mål. Nokre fortener å bli nemnd i den samanheng, som blant anna Johnny Vik frå Omega sitt febrilske forsøk på å ta igjen Røldal IL, for ikkje å snakka om Frode Robberstad frå AutoStore sine smått snedige triks for å halda Hestanipens Lee Tveit bak seg over målstreken, seier Torleif Heggebø i arrangementskomiteen.

Om talet på deltakarlag var dobla, var publikumstalet langs løypa og i målområdet truleg tripla frå fjoråret, om ikkje meir. Oppsummert:  skyhøg stemning både i og utanfor løypa. Og det betyr ny runde til neste år. 

 - 1. mai verka til å vera ein veldig god dato. Sjølv om me ikkje kan setja noko dato heilt enno, så kan me i alle fall garantera at det blir ny stafett neste vår, seier Heggebø. 


Resultatliste: 

  1. Berge Sag - 43.54
  2. Omega 3 - 44.45 
  3. Team Roatoppen - 44.50 
  4. Småfolk Barnehage - 46.31 
  5. Rødal IL - 47.28 
  6. Omega - 47.30 
  7. Kathrines Fitness Farm - 48.15 
  8.  Autostore og Hestanipen Opp - 49.02 
  9. Sørstranda Grendelag - 49.34 
  10. Fikse Næringsutvikling - 50.23 
  11. Medvind24 Næringshage - 51.40 
  12. Fus barnehage - 51.47 
  13. Lundeneset VGS - 53.20 
  14. IF Klypetussen I - 54.04 
  15. Vindafjord kommune - 54.54 
  16. Helgevold Elektro - 55.17 
  17. Enge skule - 55.36 
  18. Sandeid Fengsel - 56.21 
  19. Ølen Betong - 57.27 
  20. Ølen IL Veteran 624 - 59.44 
  21. Dei kulaste jentene i Vindafjord - 1.00.04 Etne senter - 1.02.01 IF Klypetussen II - 1.06.08 

Og her kan du sjå etappane:

  @Render("ArticleBody", ID: "over-fikse-etappar")

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden