Bakka-Solheim ikkje inne i NTP


– Dette er veldig bra, og nesten full utteljing på kva me hadde forventa. Nedturen er nok at Bakka-Solheim ikkje ligg inne, seier Pål Kårbø som er dagleg leiar i E134 Haukelivegen.


Tidlegare i vår fortalde Kårbø til Medvind24 at han håpa strekninga mellom Bakka i Etne og Solheim i Vindafjord kom inn i neste NTP-periode for å sikre gul stripe på noko han meiner er ei særs farleg strekning. Slik går det truleg ikkje på fredag.

– Men arbeidet med å få dette inn i planane når Stortinget skal vedta det er allereie starta, eg har begynt å ta telefonane, fortel han og meiner det ikkje er utan håp om at ein kan få prosjektet som har ein verdi på fire milliardar inn i denne planperioden, iallfall deler av det. Elles er Kårbø godt nøgd med at Husøy-prosjektet er inne i planane og ikkje minst at E134 mellom Røldal og Seljestad er fullfinansiert i den første seksårsperioden.

– Dette er ein politisk leveranse der ein har prøvd å balansere og få til mest mogleg, så sjølv om me skal kjempe vidare med Bakka-Solheim er me godt nøgde med dette.

Også Sigbjørn Skeie i Hustved & Skeie er godt nøgd med at prosjektet Seljestad - Røldal er sikra.

– Det har mykje å seie for oss, heilt klart. Ein vil spare ein god del diesel på at stigninga på strekninga blir redusert. Me fraktar til dømes mykje varer for Fatland, og er avhengig av ein sikker og god vinterveg over fjellovergangen, slår Skeie fast.

– Men me skulle gjerne sett ei utbetring på Bakka-Solheim me også, dette er ein av dei smalaste vegane me køyrer på, og ikkje ein standard som er verdig europavegstandard. Her kan ikkje store bilar passere kvarandre i 70 kilometer, det er farleg trongt mange stadar, seier Sigbjørn Skeie og legg til at samferdsleprosjekt som dette er sjølve grunnlaget for vekst i transportnæringa.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden