Avisgeneralen gir seg

Rune Hetland (64) har 25 år med avisglede, smale budsjett og lange rundar med korridorpolitikk bak seg. No ventar ein ny kvardag for generalsekretæren i LLA.


Rune Hetland har 25 år med avisglede, smale budsjett og lange rundar med korridorpolitikk bak seg. Foto: Geir K. Hus.

Denne dagen tikkar det inn ei tekstmelding frå Rune Hetland med følgjande tekst: «kan me utsetje praten litt? Er komen i tidsklemma». Generalsekretæren i LLA har travle dagar, om det er frå heimekontoret i Vikebygd eller frå Oslo. Han tel verken arbeidstimar i veka, eller reisedøger i året. 112 lokalaviser stolar nemleg på at han kjempar for at dei skal få betre levevilkår. Då må ein somme gonger utsetje avtalar, slik er det berre.

– Det har vore krevjande år, men eg veit ikkje om eg er direkte sliten. Det skal uansett bli godt å sleppe ansvaret. Eg er glad for at det kjem ny kompetanse inn i leiinga, det trengs for å kunne fylgje med i den digitale utviklinga, slår Rune Hetland fast.

No er det Tomas Bruvik som overtek leiarjobben. Hetland sjølv trappar ned, men vil likevel fungere som rådgjevar i organisasjonen framover.

Fagleg kompetanseløft

Aller mest brenn den avtroppande leiaren for å sikre lokalavisene gode vilkår, og for å kunne gi redaksjonane eit fagleg løft som kan styrke dei journalistiske produkta.

– Den dagen du trur du har vunne har du eigentleg tapt litt. Det er mange om beinet i kampen om pengane på statsbudsjettet. Dette er ikkje ein kamp ein vinn, det er berre små sigrar heile tida. Me meiner jo at lokalavisene er noko av det viktigaste ein finn i mediesamfunnet, det er ikkje alle som er samde med oss i det, fortel Hetland.

Han meiner større medium ofte er meir opptekne av konflikt enn løysing, og mange gonger konstruerer uro for å vinne lesarar og samle klikk.

I dag er lokalavisene heldigvis stolte og får meir anerkjenning for jobben dei gjer enn dei gjorde før. 

– I dag er lokalavisene heldigvis stolte og får meir anerkjenning for jobben dei gjer enn dei gjorde før. Me har satsa sterkt på kurs og kompetanseløft i LLA, det er umogleg å lage gode avisprodukt dersom ein ikkje har ressursar eller kompetanse, dette er ein runddans, meiner Rune Hetland.

Viktige lokalaviser

Han snakkar seg varm om den gode, lokale journalistikken. Han ynskjer at lokalavisa skal rette kritiske blikk der det trengs og fortelje små og store historier frå det som er aller nærast. Lokalavisa er viktig for lesarane, og har sin naturlege plass i medielandskapet, meiner Rune.

– Eg er ikkje blant dei som meiner det er vanskeleg å vere journalist i eit lite lokalsamfunn der ein også bur. Det skal ikkje vere noko problem det, så lenge ein gjer ein grundig og skikkeleg jobb, meiner Rune.

Forventningane blant lesarane om at lokalavisene skal vere med på alt som skjer i bygda, uroar heller ikkje avisgeneralen.

– Nei, det må nå vere positivt at folk ynskjer at dei kjem. Så får heller redaksjonane opne dørene og vise korleis dei jobbar, kvifor dei prioriterer sakene slik dei gjer. Det kunne avisene godt bli betre på, seier han bestemt.

Han rosar avisene som er små og har få tilsette, og blir stadig stolt når dei opplever små og store sigrar i sine lokalsamfunn.

Breitt engasjement

Sjølv har han alltid vore samfunnsengasjert og med meiningars mot. Rune vaks opp på Bjoa, i ein familie og i ei bygd der ein diskuterte politikk, historie og samfunn. Han lærte tidleg at det var viktig at alle stemmer blir høyrte. Då han var ung student skreiv han blant anna lesarinnlegg i Stavanger Aftenblad. 

– Det må seiast at dette var på 1970-talet og eg fekk 40 kroner for kvart innlegg, så det var både litt for å tene pengar, men og for at eg hadde mykje å melde, seier han og ler av minnet.

Vegen bar vidare til redaktørstolen i Vindafjordingen, som på den tida var lokalavisa for gamle Vindafjord kommune. I 1985 vart Rune Hetland tilsett som redaktør i lokalavisa Grannar, og var ein av pådrivarane for fusjonen mellom dei to lokalavisene i 1989.

– Det var viktig for meg, at desse to avisene vart slått saman. Etterpå vart redaksjonen styrka, og fekk meir ressursar til å gjere ein god jobb.

No handlar mykje av kvardagen om å få til ein god aktivitet også digitalt, slik at avisene blir dagsaktuelle, sjølv om ein ikkje kjem så ofte ut på papir.

– Tenk på alt som har hendt i lokalavisene og journalistikken etter dette, no handlar mykje av kvardagen om å få til ein god aktivitet også digitalt, slik at avisene blir dagsaktuelle, sjølv om ein ikkje kjem så ofte ut på papir.

I aksjon under avisøkonomidebatt i 2018. Foto: Geir K. Hus. 

Samfunnsengasjementet til Rune stoppa ikkje i avisredaksjonen. Seinare har han og vore politikar, først for ei bygdeliste, så for Venstre. 


– Kan det vere problematisk å blande politikk og journalistikk?

– Eg driv jo ikkje direkte med journalistikk i jobben, eg kunne ikkje gått inn i lokalpolitikken dersom eg jobba i eit lokalt medium. Nå har det eigentleg ikkje vore noko problem; bortsett frå at det har tatt tid då; og tid er det jo aldri nok av, seier Hetland.

– Men for å ikkje eksponere parti representerte eg ei bygdeliste sist eg var med i politikken. Det var forresten ein svært interessant periode frå 2003-2007, med samanslåing av Vindafjord og Ølen. Det var ein meiningsfullt periode.

– Når eg nå gjorde comeback tenkte eg at «nå er eg over 60 år, då må gjer eg som eg vil».

Ingen endestasjon

– LLA har alltid vore drive av ein sterk idealisme, me er få tilsette, men me gir ikkje opp av den grunn. Me har femdobla kursaktiviteten gjennom desse åra, og har diverse tips og aktivitetar retta mot redaksjonane, ofte innan tema som samfunnsengasjement, ungdom eller gravande journalistikk. Og tenk berre på kva LLA har fått til med pressestøtte til små aviser, og momsfritak for media gjennom åra.

Noko av det beste eg høyrer ute blant politikarane er «du meiner verkeleg dette du». Det tar eg alltid som eit kompliment, at det er ekte engasjement og at eg ikkje berre «gjer jobben min». 

Rune Hetland snakkar om resultata LLA har fått til som om det skulle vore eksamensresultata til eigne barn. Han har ikkje tal på alle rundane han har hatt med korridorpolitikk i Stortinget, alle telefonar han har tatt eller alle e-postar han har skrive.

– Noko av det beste eg høyrer ute blant politikarane er «du meiner verkeleg dette du». Det tar eg alltid som eit kompliment, at det er ekte engasjement og at eg ikkje berre «gjer jobben min». Og eg har vore uvanleg heldig på den måten at eg har fått arbeide med noko eg brenn for. Det er eit privilegium.

I år er han ekstra nøgd med statsbudsjettet for 2020. Lokalavisene får eit etterlengta løft med 30 millionar kroner som er øyremerkte dei minste lokalavisene. I tillegg lovnad om prisjustering av pressestøtta vidare framover.

– Sjølv om ikkje dette er ein endestasjon, og kampen om gode vilkår slett ikkje er over så er dette eit godt budsjett. Det er og eit løft me har jobba lenge med å få til. Det viser at lokalavisene er viktige og blir sett pris på. Det er dei mange gode lokalavisene landet rundt som gjer at politikarane nå gir dei betre rammevilkår.

Tid til å drøyme

Det er ei tid for alt, også for draumar. Rune Hetland er fotballspelaren som ikkje nådde heilt opp til A-lagsspel på Bryne, og dermed vart trenar i staden. Han er deltidsbonden som har prøvd seg med oksar, ammekyr, gris og etter kvart sau. Men først avisverda og så pendlarlivet tok for mykje tid, og kunne ikkje kombinerast med livet som bonde.

– No blir det betre tid, til å ta att litt av det som er forsømd. Det blir kjekt med meir tid til familien. Kona er nok glad eg blir meir heime, og dei tre barna våre bur og i nærleiken, seier Rune nøgd.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden