Seglar 20 gonger rundt jorda i året

Det er klar horisont for Arriva Shipping. Selskapet seglar trygt på tømmereksport, mineraler, betongtilslag og låge oljeprisar. I løpet av 2014 segla Arriva-flåten ein distanse tilsvarande 20 gonger rundt jordkloden. Skipa var lasta med meir enn tre millionar tonn.

Det er ikkje eit einaste skip å skimta frå kaien ved det forholdsvis anonyme kontoret ved sjøkanten i Ølensvåg. Båtane er i skrivande stund lasta med kol og koks, tømmer og betongtilslag, gjødning og gips, Ikea-varer og ilmenitt. Frå Baltikum til Drammen. Frå Polen til Tyssedal. Frå sør- og austlandet til Tyskland. 

 

 I løpet av dei siste åra har Arriva Shipping nådd fleire milepælar. I fjor passerte konsernet 200 millionar kroner i omsetning, og tidlegare i vår opna dei dørene til to nye avdelingar i Stavanger og Gdansk. I løpet av 2015 vil heile gruppa oppnå ca 300 millionar i omsetning. Og ikkje minst - flåten er utvida med tre større skip i løpet av dei siste åra. 

- Flåten vår har fleire og større båtar enn nokon gong. Me har større kapasitet og betre fleksibilitet. Me tener pengar på alle båtane våre og er betre rusta for større oppdrag enn me har vore før, fortel dagleg leiar Sindre Matre. 

Smelteverk og bygg 

Arriva-sjefen overtok roret i 2008 etter onkelen Norvald Matre. Han er nå tredje generasjons Matre som styrer skuta. Medan Rederiforbundet har varsla meir krevjande tider for deler av shippingindustrien, er Matre optimist. Arriva har hatt ei kontraktsdekning på over 90 prosent dei siste åra. 

- Me er mindre sårbare enn næringar som er tettare knytt opp til oljemarkanden. Kundeporteføljen vår baserer seg hovudsakleg på tradisjonell industri, som blant anna smelteverksindustri og entreprenørverksemder, fortel Matre. 

Og der er det så langt ingen skjær i sjøen. Dei låge oljeprisane har til og med motsett effekt for Arriva. I løpet av første halvår har utviklinga i oljeprisane resultert i 15 prosent reduserte bunkerskostnadar for Arriva. 

- For oss betyr låge oljeprisar reduserte bunkerskostnadar. Det har vært vanskeleg å auka fraktinntektene i seinare år, og låge bunkerskostnadar gir oss betre marginar, seier Matre. 

To gode naboar 

Arriva Shipping har frakta tømmer dei siste fire åra. - I dag utgjer tømmerfrakt ein stor del av kontraktane våre. Eksporten er også spådd å auka dei komande åra, fortel Matre. Foto: Arriva Shipping

I 2014 la Arriva-flåten bak seg 440 000 nautiske mil. Det tilsvarar 20 gonger rundt jorda. Med tre millionar tonn ulike laster hadde skipa meir enn 1500 hamneanløp i 12 ulike land. Fleire av skipa har faste ruter i Østersjøen og i Middelhavet. Tømmer, betongtilslag og mineral til smelteverksindustrien utgjer storparten av lasta. 

- Eramet står bak ei av dei største kontraktane våre. Me har båtar som går fast i Østersjøen og fraktar kol og koks frå blant anna Polen til Eramet sine verk i Sauda og Tyssedal. I tillegg har me mykje frakt av ilmenitt til TiZir i Tyssedal. Tømmerfrakt har me drive dei siste tre-fire åra, og me har i dag tre båtar som fraktar tømmer mellom sør- og austlandet til Sverige, Tyskland og dei baltiske landa. Eksporten av tømmer er også spådd å auka i åra som kjem, og dette utgjer i dag ein stor del av kontraktane våre. Me har også ein større kontrakt med tyske Knauf for frakt av gips til Norgips i Drammen. Frå Russiske hamner i Baltikum fraktar me gjødning til Felleskjøpet i Sirevåg, seier Matre. 

- Ølen Betong er blant dei største kundane våre. Her går mykje av frakta lokalt, betongtilslag blir frakta til ØB sine blandeverk og fabrikker over hele sørvest-Norge. Samstundes går fleire av båtane våre med betongelement til veg- og jernbanetunnelar frå Ølen Betong sine avdelingar i Sveio og Sandeid til samferdselsprosjekt i heile landet, fortel Matre. 

- Det var ikkje lengre berre "fjordafart" me dreiv med, og det var på tida å finna ein profil som kunne setja oss enda tydelegare på kartet i ein internasjonal markand, fortel Matre. I 2013 gjekk Sandfrakt gjenfødd som Arriva. 

Nytt namn for ein internasjonal marknad 

I 2013 sto selskapet fram i ny drakt, med ny profil og nytt namn då det 41 år gamle selskapsnamnet Sandfrakt gjekk inn i historia, og verksemda blei gjenfødd som Arriva Shipping.

 - Samanlikna med andre varer er det blitt mindre sand dei siste åra, og me har drive mykje meir enn berre «fjordafrakt» i mange år. Nå har kundeporteføljen også utvida seg til å både den skandinaviske og europeiske marknaden, og berre i Noreg fraktar me for kundar frå Stavanger i sør til Svalbard i nord. Det var på tida å fornya profilen vår for å setja oss endå tydelegare på eit internasjonalt kart.

I mai dette året blei Arriva sett endå tydelegare på kartet, bokstavleg talt, då dei opna dørene til to nye dotterselskap, eitt i Stavanger eit anna i Gdansk. 

 Arriva Chartering AS i Stavanger er resultatet av eit 20 år langt samarbeid med Norstone, ein av dei leiande produsentane av pukk og grus i landet. Tre av dei tilsette som arbeidde i Norstone si befraktningsavdeling utgjer i dag Arriva Chartering, som hovudsakleg tek seg av funksjonar innan operasjon, frakt, mekling og sal. 

Avdelinga i Polen er etablert hovudsakleg som eit bemanningskontor for baltiske sjøfolk til Arriva sitt mannskap. 

- Polen er ein stor sjøfartsnasjon og eit knutepunkt i vår bransje. Av totalt 135 personar som arbeider på båtane våre er om lag 50 frå Polen. Det er ein viktig stad for oss å vera lokaliserte med kontor med tanke på rekruttering, seier Matre. 

- God plass 

Konkurransen har auka dei siste åra, stort sett frå utlandet, medgir Matre. Dei næraste konkurrentane i regionen er Hagland Shipping i Haugesund og Aasen Shipping i Mosterhamn, men samarbeidet med desse er godt. 

- Me er tre shippingselskap som er like på mange område: Dei er lokalt eigde, har lik tonnasje i flåten som oss og baserer seg på kundar i same industriar som Arriva. Likevel er samarbeidet svært godt. Det er plass til oss alle, seier Matre.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden