Aakra ny dagleg leiar i Medvind24

Kari Aakra (36) er tilsett som ny dagleg leiar i Medvind24 Næringshage.


Aakra som er busett i Etne kjem no frå jobben som fylkessekretær i Hordaland Senterparti. Ho er likevel eit kjent ansikt frå Medvind24, sidan ho tidlegare har arbeidd som redaktør og fungerande dagelg leiar i næringshagen.

- Eg har hatt det fantastisk i jobben eg kjem frå, men dette var ein kjempesjanse eg ikkje kunne la gå frå meg. Eg har jo fylgt Medvind24 frå den spede start, det har vore ei utruleg utvikling som eg gjerne vil bidra til vidare, seier den påtroppande leiaren.

- Det blir jo nesten som å kome heim, det er klart, meiner ho og viser til at det blir store sko å fylle.

- Merete Vårvik Matre har lagt ned ein kjempejobb, ho har profesjonalisert og styrka næringshagen. Eg gler meg til å bidra til å styrke arbeidet vidare, kanskje spesielt med tanke på dialogen mellom offentleg og privat næringsliv. Det er og spanande å jobbe tett med små og mellomstore bedrifter, slår Kari Aakra fast.

Kjenner organisasjonen

- Alle er veldig glad for å få Kari tilbake, ho er først og fremst dyktig og har eit enormt nettverk. Det er og ein stor fordel for næringshagen at ho kjenner organisasjonen og arbeidet godt frå før, meiner Merete Vårvik Matre som etter nyttår overlet sjefstolen til Aakra. 

Det var 17 søkjararar til stillinga som ny dagleg leiar i Medvind24 Næringshage, noko både Matre og styreleiar Terje Aarekol er godt nøgd med. Tilsetjingsnemda hadde intervju med fem kandidatar, men landa på å gi Kari Aakra tilbod om stillinga. 

- Kari er sterk på kommunikasjonsarbeid og ho har med seg ei spanande politisk erfaring som kjem godt med i jobben. I tillegg er ho bonde og vane med å brette opp ermane og ta i eit tak, Kari har ein enorm arbeidsvilje og kapasitet, slår Matre fast. 

Breitt arbeidsfelt 

Aarekol er også særs godt nøgd med valet. 

- Ho har god og relevant erfaring, og er eit kjent namn i regionen. Styret er godt nøgd med å få på plass ein ny og dyktig dagleg leiar, slår han fast. 

Medvind24 arbeider med å skape vekst i både nytt og eksisterande næringsliv, og er ein del av det nasjonale Næringshageprogrammet som blir administrert av Selskapet for industrivekst (SIVA) og fylkeskommunane. Medvind24 har tre tilsette, og bidreg med rådgjeving til bedrifter i dei fleste fasar og utfordringar. Næringshagen driv også næringsportalen Medvind24 og podkasten Vindkast, der Omega Design nyleg forlenga sitt engasjement med Maria Djuve Vågen som redaktør. 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden