Elleve lokale Gaseller i 2019

Dagens Næringsliv har også i år kåra Gaselle-bedrifter, basert på økonomisk utvikling dei fire siste rekneskapsåra, noko dei har gjort sidan 2003. Eit av krava for å bli Gaselle er at bedrifta har dobla omsetnaden dei siste fire åra.


Kriterier for å bli Gaselle: 

  • levert godkjente rekneskap
  • dobla omsetnaden over fire år
  • ein omsetnad på over ein million kroner første år 
  • unngått negativ vekst 
  • positivt samla driftsresultat 
  • vere eit aksjeselskap 

Dagens Næringsliv har også i år kåra Gaselle-bedrifter, basert på økonomisk utvikling dei fire siste rekneskapsåra, noko dei har gjort sidan 2003. Eit av krava for å bli Gaselle er at bedrifta har dobla omsetnaden dei siste fire åra.


Moe er imponert over alle bedriftene, men kanskje spesielt dei største, som held fram med å vekse år etter år. 

- AutoStore i Vats er den største av dei alle, utviklinga deira er jo ei kanonhistorie. Me har mellomstore bedrifter som har auka omsetnaden frå 20 til 40 millionar, noko som sjølvsagt er godt gjort. Men det å vekse frå nesten 400 millionar til godt over ein milliard i omsetnad er ekstremt imponerande, seier han og viser til at det kan vere ein kombinasjon av fleire element som gjer at bedrifter i området gjer det godt. 

- På den eine sida ser ein eit element av konkurranse uavhengig av kva bransje ein er i. I tillegg har me ein positiv smitteeffekt. Ein ser at andre bedrifter klarar å gjere det god og då kan ein bli inspirert av det, forklarer han.  

Fleire nye Gaseller

Både AutoStore, Arriva Shipping, og Utbjoa Armering og Sveis har også tidlegare fått Gaselle-status. Av totalt elleve Gaselle-bedrifter er seks av dei nye. Nokon lokale nykommarar på lista dette året er Fatland, Sandfrakt Eigedom og Brødrene Mæland Prosjekt i tillegg til styringsverktøyleverandøren AdmMit i Sandeid. 

- Det er ikkje noko me har jobba målretta mot, men det er ein hyggeleg bekreftelse på at me gjer noko rett. Nå blir det berre å fortsette å gjere ting rett for å vekse på ein bra måte, fortel dagleg leiar i AdmMit, Andreas Reinholdt. 

Selskapet som vart etablert i 2014 har nærast tredobla omsetnaden med ein vekst på 265 prosent dei siste fire åra. AdmMit utviklar program og system som forenklar kvardagen for transport- og entreprenørbedrifter.

- Det er alt forarbeidet som har ført oss der me er i dag. Løpet har blitt lagt opp på ein fornuftig måte. Me har vakse det siste året til å bli fleire tilsette og forhåpentlegvis blir me enno fleire tilsette neste år, avsluttar Reinholdt. 

Vindafjord-gasellene 2019


OmsetnadVekst siste fire årAntall gonger
Gaselle
Arriva Shipping 349.8 mill.104%3
AutoStore1.1 mrd. 207%5
AdmMit6,3 mill. 265 %1
Øvregard Maskin11.1 mill569  %2
Utbjoa Armering og Sveis18.4 mill.106 %3
Fatland16.6 mill.162 %1
Sandfrakt Eiendom2.8 mill.112 %1


Etne-gasellene 2019


OmsetnadVekst siste fire årAntall gonger
Gaselle
Brødrene Mæland Prosjekt15.5 mill.237%1
Los Varmepumpe Vestland5 mill. 204%1
Åkrafjorden Oppleving3.1 mill. 150%1
Edvards Byggeservice10.5 mill101%2






Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden