Messa går av stabelen på Ølen Kulturhus, og teamleiar for integreringstenesta i NAV Vindafjord-Etne, Miriam Aareskjold håpar lokale bedrifter melder seg på innan fristen som er sett til 11. mai.
Vil du vere med på yrkesmesse?
- Påmelding innen torsdag 11 mai til: Miriam.Aareskjold@nav.no
- Me har busett rekordmange flyktningar både i fjor og i år, mange av desse ynskjer å kome i jobb. Dei har med seg veldig variert bakgrunn og utdanning, det er bakgrunnen for at me lagar til denne messa no, forklarer ho.
På messa kan bedrifta di vise seg fram med eigen stand, og Aareskjold viser til at det er viktig å vise fram kva ein jobbar med og kva kompetanse ein er på jakt etter.
- Dei som kjem på denne messa kjenner ikkje lokalt næringsliv så godt som mange andre ein møter på yrkesmesser. Difor blir presentasjonen ekstra viktig.
Det vil vere eit klart fleirtal av jobbsøkjarar frå Ukraina på messa, men her vil ein og få møte motiverte arbeidssøkjarar med bakgrunn frå andre land.
- Her kan flyktningane få sjansen til å vise kva kompetanse dei har og kva dei ynskjer å jobbe med, samstundes som bedriftene får vist fram moglegheitene. Målet er at ein får knytt nettverk og kanskje lagt grunnlaget for jobb, sommarjobb eller praksisplass. Me opplever jo at lokalt næringsliv er positive og ofte seier ja til praksisplass til dømes.
Messa blir arrangert i samarbeid med samarbeid med NAV Marked Nord-Rogaland.