Vindkast - Spør meir

Psykisk helse er noko me alle har, men kva er det og korleis ta vare på den? Temaet for årets verdsdag for psykisk helse er «spør meir» eller «spør meir med alle sansane» som Sølvi Eide Lunde og Ingeborg Gussiås frå Etne og Vindafjord Mental Helse seier. I siste episode av Vindkast høyrer me gode råd om å støtte og vise omsorg til dei rundt oss i møte med psykisk lidelse.

 

Turmarsj til Fikse: Gå for psykisk helse

  • Torsdag 15. oktober, kl 14:00 - 17:00
  • kl 14:00 - Turmarsj frå stadion i Ølen eller Etne ved "krysset på Mæland" (Sørstranda), til felles treff ved Vaffelhytta på Fikse
  • Kl 15:00 - Appell v/Etne og Vindafjord Mental Helse, multikulturelt innslag, servering av turmat
  • Påmelding med namn og mobilnummer til Vindafjord kommune: servicetorget@vindafjord.kommune.no /tlf. 53 65 65 65, innan 11. oktober. 
  • Retningslinjer for smittevern skal overhaldast. 
  • Skyss kan tingast hjå Frivillighetssentralen i Etne, tlf. 902 38 354 eller Frivillighetssentralen i Vindafjord, tlf. 481 87 762.

Psykisk helse er noko me alle har, men kva er det og korleis ta vare på den? Temaet for årets verdsdag for psykisk helse er «spør meir» eller «spør meir med alle sansane» som Sølvi Eide Lunde og Ingeborg Gussiås frå Etne og Vindafjord Mental Helse seier. I siste episode av Vindkast høyrer me gode råd om å støtte og vise omsorg til dei rundt oss i møte med psykisk lidelse.

Lokalt markeres verdsdagen for psykisk helse med turmarsj til Fikse torsdag 15.oktober, frå kl 14:00. Der vil det bli appell ved Etne og Vindafjord Mental Helse, multikulturelt innslag og servering av turmat. 

Siste episode av Vindkast kan du finne på følgande kanalar: 

Kva støtteapparat finst? 

I kommunane

  • Barn/unge: Helsesøster / lærar/sosiallærar / psykisk helseteneste i skulen
  • Vaksne: Fastlege / psykisk helseteneste / akutt - 113 / legevakt 116 117 

Mental helse

Kirkens SOS

Arbeidslivstelefonen

Kors på halsen

Leve - Forening for etterlatte etter selvmord

LPP – Landsforeningen for pårørende

  • Nasjonal rådgivningstelefon for pårørande tlf 22 49 19 22
  • lpp.no 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden