Samlar over 300 kommunekollegaer til konferanse

- Me treng alle ei påminning om verdien av jobben me gjer, og betydninga dette har for brukarane våre, meiner komiteen bak Vindafjordkonferansen. 15. mars samlar dei meir enn 300 kollegaer til kommunen sin konferanse for alle tilsette.

Gunnbjørg Nesbu, Kristin Marie Dahle, Leif Arne Løvereide og Kristin Marie Dahle håpar og trur på stinn brakke på Skakkesenteret 15. mars når samtlege tilsette i Vindafjord kommune er inviterte til haldsningsskapande påfyll, inkludert Lykkebobler og prisudeling. 

Samfunnsdebattant Safia Abdi Haase, standup-komikar og relasjonsekspert Dora Thorallsdottir og redaktør Magne Lerø i Ukeavisen Ledelse, skal sørga for haldningsskapande påfyll for kommunen sine tilsette under konferansen som går av stabelen på Skakkesenteret 15. mars.

Med tilsette frå alle kommunale einingar blant publikum, blir ikkje Vindafjordkonferansen direkte fagretta. Det er haldningar og verdiane i kommunal tenesteyting som er tema. 

- Alle skal bli møtt på ein god måte og alle skal bli sett. Det gjeld både kollegaer i kommunen, og brukarar av tenestene våre. Målet med konferansen er å byggja gode haldningar mellom oss som jobbar her. Me er ein stor organisasjon som møter innbyggjarar i alle livsfasar og situasjonar dagleg. Dersom me klarer å byggja gode haldningar oss imellom, vil me også formidla dette i møte med brukarane våre, seier personal- og organisasjonssjef Kristin Marie Dahle. 

Håpar på fleire konferansar

Desse tre fyller nokre av programpostane på dagtid:  Standup-komikar og relasjonsekspert Dora Thorallsdottir (f.v), samfunnsdebattant Safia Abdi Haase,  og redaktør Magne Lerø i Ukeavisen Ledelse. 

Dahle er oppdragsgivar til dei kreative hovuda bak konferansen, saman med avdelingsleiar Leif Arne Løvereide og Gunnbjørg Nesbu og Mali Hjemdal frå servicetorget. 

- Som i alle andre bedrifter er det viktig med både fagleg og sosialt påfyll for å bevisstgjera oss på jobben vår og kva betydning den har for dei me skal serva. Det er nettopp dette me vil bidra til i vår organisasjon gjennom Vindafjordkonferansen, påpeikar Løvereide. 

Invitasjonen har fått god respons, og går det som komiteen håpar, vil konferansen blir eit fast arrangement annakvart år. Konseptet bak konferansen er ikkje heilt nytt, men baserer seg på verdighetskonferansen som i 2015 og 2016 blei arrangert for einingane som driv med bustadsosialt arbeid i kommunen. 

- Med mange medarbeidarar spreidd på ulike lokasjonar og i arbeid med ulike brukargrupper var det eit behov for å samlast. Tilbakemeldingane på verdighetskonferansen var svært gode, og det er same tanke som også er spira til Vindafjordkonferansen, seier Løvereide. 

Serverer Lykkebobler

Komiteen har arbeidd grundig med programmet for å kvalitetssikra innhaldet, og programpostane blir dekka av populære føredragshaldarar med ulik bakgrunn: Redaktør Magne Lerø er eit kjent namn i norsk samfunnsdebatt. Haase har markert seg som i tydeleg stemme om innvarndingsmiljø og ukultur i offentleg forvaltning. Thorallsdottir driv Relasjonssenteret og er ein populær føredragshaldar, som også skal bidra med underhaldningsføredraget «Lykkebobler» under konferansen sitt kveldsprogram. 

Underhaldningsføredraget Lykkebobler skal toppa kveldsprogrammet. - Me håpar alle tilsette i kommunen vil få med seg dette. Showet var heilt utselt sist det gjekk i Haugesund, og er verkeleg verdt å få med seg. Rett og slett ei gåve til alle dei tilsette, seier Mali hjemdal. 

Kvelden blir også krydra med utdeling av arbeidsmiljøprisen, der einingar eller grupperingar i kommunen er nominerte for tiltak dei har iverksett for eit godt arbeidsmiljø. Det er allereie mange påmelde til konferansen på dagtid, og under kveldsarrangementet håpar komiteen at alle kommunalt tilsette kjem. 

Førestillinga «Lykkebobler» har trekt fulle hus over heile landet, og blei fort utselt sist det blei sett opp i Haugesund. Dette er eit gratis tilbod, og ei gåve frå arbeidsgjevar til alle tilsette i kommunen, seier Hjemdal. 

- Me er veldig stolte av å ha ein arbeidsgjevar som gir oss moglegheit til å gjennomføra dette. I privat næringsliv har tilsette mange tilbod om både fagsosiale arrangement året gjennom, men i ein stadig travlare arbeidskvardag for kommunalt tilsette er det vanskeleg å finna tid til å delta på slike samlingar. Brukarane kjem alltid først. Men nå ønskjer kommunen å gi noko tilbake til sine tilsette. Difor har me også lagt mykje arbeid i å laga eit program som skal gjera inntrykk, seier Hjemdal.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden