Vil skape noko for seg sjølv og andre

Bjørn Steinar Helgevold har bestemt seg. Han vil skape sin eigen arbeidsplass. Går det som han drøymer om, skal andre òg få arbeid i Helgevold Kulde & Industri.

Me kunne ha starta historia med at Helgevold i desse dagar går inn i rekkene av arbeidsledige. Den snart 28 år gamle boredekksarbeidaren frå Sandeid hadde sikker jobb offshore. Riggen han arbeidde på hadde oppdrag til 2020. 

Men det var før oljekrisa. Riggkontrakten blei terminert, Helgevold mista jobben og 1. mai i år kunne han gått inn i statistikken over arbeidslause. 

- Det var aldri eit alternativ. Eg har alltid hatt ein kremmar i meg, og sysla med tanken om å starte firma for meg sjølv. For eit par år sidan starta eg eit enkelpersonsføretak under namnet Helgevold Multiservice som ein hobby eg kunne sysle med i friperiodane frå Nordsjø-jobben, fortel Helgevold. 

I fjor gjorde han selskapet om til eit AS, framleis som ei hobbyverksemd. 

- På sikt vil eg gjere drifta til levebrød, tenkte Helgevold den gongen. 

Kjappare enn først tenkt 

Det skulle gå kjappare enn han hadde tenkt. Etter å ha mista Nordsjø-jobben måtte han ta ei rask avgjerd – melde seg arbeidsledig og gå på NAV, søke seg anna løna arbeid eller ta steget og bli gründer og sjølvstendig næringsdrivande på heiltid. 

- Eg har fagbrev som kjølemontør, og verksemda eg gjekk læretida mi hos søkte nyleg etter folk med mi utdanning. Det var freistande å søke, men det ville vore det same som å skrinlegge draumen om eiga bedrift. Det var ikkje aktuelt, og her står eg no på startstreken i ein svært krevjande marknad, konstaterer Helgevold. 

Multiservice-namnet blei skifta ut med Kulde & Industri for å få fram kva bransje han ville konkurrere i. Ein lagerhall han har reist heime på garden hos foreldra blei merka med ny logo. Det same blei den private varebilen hans. Visittkort blei trykte i ekspressfart. Så var det berre å oppsøke potensielle kundar. 

- Må gjere meg synleg 

- Eg er budd på at det kan vera tøft å koma inn på denne marknaden, men er villig til å stå på. Det handlar om å gjera meg synleg for kundane, få dei første nappa og sakte, men sikkert byggja meg opp. Eg har hatt nokre servicejobbar, og nyleg fekk eg mitt første oppdrag med montering av eit heilt nytt kjøleanlegg hos Lundeneset vidaregåande skule, fortel ein nøgd Helgevold. 

I første omgang satsar han på mindre kundar som små bensinstasjonar, bakeri, restaurantar og liknande verksemder. Kundar med store kjøleanlegg må han vente med til verksemda har etablert seg med fleire tilsette som kan dela på ansvaret om 24-timars service for kundane. 

- Service døgeret rundt året rundt er for mange kundar heilt avgjerande, og noko av det dei er mest skeptiske til at eg kan klare når eg som einaste tilsette tilbyr tenestene mine, seier Helgevold. 

Dei første vekene som sjølvstendig næringsdrivande på heiltid har han brukt til å reise rundt til potensielle kundar, annonsert i lokalpressa og på eiga Facebook-side. Det siste har han ikkje så god røynsle med, men ei ny nettside er på gong. Der vil han informera kundane om kva han har å tilby. 

- Som fagutdanna kuldemontør er det innan kulde eg ønskjer å satsa, men for oss små i bransjen blir det mykje snakk om sesongarbeid. Det er mest å gjere om somrane, så eg vonar sjølvsagt at denne marknaden skal opne seg for meg etter kvart som det blir varmare i lufta, seier ein optimistisk Helgevold.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden