Vil opna fjellet for fleire med ny tursti

Gå alt etter planen kan skiløparar, syklistar og turgåarar snart ta i bruk ny tursti og fjellområda mellom Rus i Etne og Olalia. Prosjektet er resultatet av samarbeid mellom turlag, fleire idrettslag og grunneigarar på begge sider av kommunegrensa.

Ei rekkje aktørar har samarbeidd om planane for den nye turstien, nå er søknaden sendt til Etne kommune. Går det etter planen kan denne gjengen snart gle seg over oppstart på ny sti mellom Olalia og Rus.

-   Dette viser kva ein kan få til når alle gode krefter drar i lag. Ei rekkje aktørar har hatt eit svært konstruktivt samarbeid der alle har sett nytten og betydninga av kva dette prosjektet vil ha å seia for heile distriktet og fjella som frilufts- og turområde. Dette vil vera eit viktig bidrag til at enno fleire kan få delta i friluftsliv og nytta fjellområda våre både som læringsarena og aktivitetsområde, seier Arne Gunnar Habbestad i Ølen Idrettslag. 

Den nærare 2,8 km lange turstien skal gå mellom Olalihytta og Rusvegen i Etne. Går alt etter planen kan arbeidet starta opp til hausten.  

Sjekk ut dronefilmen der turstien skal gå. Film: Økland Foto

Frå Olalia fjellhytte vil turstien med breidde på 1,5 m gå forbi «Staurskarshytta», rundt Holmavasshaugen og videre langs Holmavatnet før ein kjem til parkeringsplassen på Rus. Samstundes vil ein i dette prosjektet laga ein universell avstikkar frå eksisterande turveg mot dagsturhytta og sti til Furevatnet og Kattastølen. 

- Heile området er viktig som rekreasjonsområde for heile regionen, og nå kan me leggja dette enno betre til rette for bruk året rundt: Turstien er tilrettelagt for gåande og syklistar, og vil gjera det lettare å køyra opp skiløyper om vinteren. Med Olalia, Dagsturhytta på Leiteshaugen og skianlegget på Fjellstøl vil me med denne turstien ha tilgang på førsteklasses friluftsliv året rundt.  I tillegg vil p-plassen på Rus bli utbetra slik at vegen vil ha gode parkeringsmoglegheiter i begge endar. 

Turstien var i utgangspunktet eit samarbeid mellom Ølen Idrettslag og Vindafjord Turlag, men heile prosjektet er breitt forankra og har skridd fram som følgje av eit samarbeid mellom ei rekkje aktørar i både Vindafjord og Etne; Vindafjord idrettslag, Etne idrettslag,  og grunneigarlaga i Etne og Sandeid. Det er inngått avtalar med alle fjellgruppene i området.  

Det var ikkje veldig vanskeleg å vera positiv til eit slikt prosjekt, seier leiar av grunneigarlaget i Etne, Frode Grindheim. 

-   Ein høyrer ofte snakk om inngrep i naturen i samband med slike prosjekt, men når ein ser kort fint og skånsamt turvegane er laga her elles, er dette ein framifrå måte å gjera dei flotte områda våre tilgjengelege for fleire på. Det er gjennom åra også blitt «traktorsleper»  til gjetarbuer for grunneigarane, som mange fjellfarande har nytta seg av. Med dette prosjektet blir det ein fin moglegheit til  å ordna desse slepa å blir ein fin tursti i staden for, seier Grindheim som representerer fjellgruppa Eikeland - Sæbø  

Turstien skal tilpassast terrenget, og vil bli lagt i utkanten av myrar.  Det blir lagt vekt på å bevara mest mogleg av eksisterande vegetasjon og massar, slik at det skal visa minst mogleg att. 

Byggesøknaden vil bli sendt til handsaming i begge kommunar,  og ordførarane håpar dei kan sjå kommunane bli knytt saman gjennom fjellet med ny tursti om ikkje lenge. 

-  Med denne turstien kan me få knyta saman eit stort nettverk vegar i dei fine fjella våre, og opna nye område i begge kommunar for enno fleire. Til saman vil dette området vera ein framifrå arena for både friluftsliv, aktivitet, læring og folkehelse. Mange flinke folk har lagt ned eit  kjempegodt arbeid i dette prosjektet.  Det kjem til å gagna både oss som bur i Etne og Vindafjord, og tilreisande frå heile regionen, seier ordførarane Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim og Ole Johan Vierdal. 



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden