Hopp til innhald

Nytt næringsfond

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar frå nærings- og utviklingsfond for utsette område. Etne er ein av kommunane som kjem innunder ordninga, der ramma totalt er på 4 millionar kroner.

Image
Etne er ein av kommunane som no får nytte av eit nytt næringsfond i fylket. (Foto: Inga Klokkerstuen Wangensteen)

Midlane frå fondet skal vere med på å legge til rette for omstilling og utvikling i kommunar og område med utfordringar som har, eller kan føre til langvarige konsekvensar for næringsliv, busetjing og sysselsetjing. Regionråd, kommunar, verksemder og andre kan søke om støtte frå fondet saman med andre i målgruppa, åleine eller i samarbeid med fylkeskommunen. Næringsselskap som arbeider på oppdrag frå ein eller fleire kommunar kan søkje på vegne av aktørar i målgruppa., heiter det på nettsidene til fylkeskommunen.

Det blir vist til at tiltaka det blir søkt om må støtte opp under intensjonen med ordninga, som er å styrke næringsgrunnlaget.

– Midlar frå fondet skal bidra til å etablere nye arbeidsplassar i kommunar som opplever vesentleg reduksjon i sysselsetjinga. Område som har stor arbeidsløyse eller utsikter til stor arbeidsløyse, einsidig næringsliv og der enkeltnæringar har stor betydning for sysselsetjinga vil bli prioritert, saman med område med stor folketalsnedgang, skriv fylkeskommunen på sine nettsider.

Søknadane vert vurdert opp mot gjeldande regelverk, og tilskot må mellom anna tildelast i tråd med regelverket om offentleg støtte. Tilskot som vert vurdert som offentleg støtte, jamfør EØS-avtalen blir i hovudsak tildelt som bagatellstøtte.

Ledige stillingar

Christiansen Bakeri er på jakt etter daglig leder
Frist: 04. des

Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips