Verdsdagen for psykisk helse: – Du er ikkje åleine

Inkluderande møteplassar er årets tema under Verdsdagen for psykisk helse. Derfor vil Mental Helse i Etne og Vindafjord løfta fram pårøranderolla.

Verdsdagen for psykisk helse blir markert på Ølen Kulturhus 19. oktober. Skjermdump: Verdsdagen for psykisk helse

– Kan me vera fleire som saman står rundt den som har psykiske helseutfordringar, så kan det bidra til ein betre kvardag og helse for fleire. 

Det seier leiar i Etne og Vindafjord Mental Helse, Sølvi Eide Lunde, som saman med kommunane og Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) inviterer til markering 19. oktober. 

Verdsdagen for psykisk helse

  • Årleg nasjonal kampanje om psykisk folkehelse som blir markert i veke 39–42
  • Årets tema er Me treng å høyra til
  • Her blir dagen markert 19. oktober med gratisarrangement på Ølen Kulturhus
  • I tillegg blir Venn1, eit undervisningsopplegg for unge om psykisk helse, gjennomført på ungdomsskulane

Temaet på Ølen Kulturhus er pårøranderolla, altså det å stå nær nokon som blir psykisk sjuk. Politikar, pårørande, sjukepleiar og forfattar Olaug Bollestad er årets innleiar på arrangementet, som har fått tittelen «Du er ikkje åleine».

Viktig å vera open

– Det handlar om folkehelsa, seier Lunde i Mental Helse. 

Etter 15 år som som primus motor for å markera Verdsdagen for psykisk helse, brenn Lunde for openheit og kunnskap som kan føra til endring. Stemmer som bidrar med sine historier, speler ei viktig rolle, meiner Lunde. 

Etter innlegget til Bollestad, vil politikaren delta i ein sofasamtale med blant andre Annbjørg og Sigmund Lunde.  

– Det at profilerte personar lokalt og nasjonalt står fram med sine historier har ein mykje større tyngde og påverkingskraft, som kan skapa større positive endringar, meiner Sølvi Eide Lunde. 

Møteplassar kan førebyggja

I år er ekstra merksemd retta mot inkluderande møteplassar for å førebyggja einsemd og utanforskap. Det meiner Lunde krev felles innsats på både personleg plan og på samfunnsnivå. 

– Me treng alle å høyra til og oppleva å bli inkludert. Som pårørande kan ein føla seg veldig åleine, at ein ikkje veit kor ein skal gå, kor skal ein få hjelp og kunnskap. Samstundes har ein bekymringar for den som sjuk, seier Lunde. 

Alle kan vera pårørande

Lunde seier at pårørande-omgrepet handlar om den eller dei som står den sjuke nærmast, uansett type relasjon. 

– Kven dei nærmaste er, blir definert av den som er sjuk. Det treng ikkje vera familie, det kan også vera venn eller arbeidskollega, seier Lunde. 

– Me er alle pårørande i ei eller annan form.

Som pårørande speler ein ei nøkkelrolle. Informasjon frå dei kan bidra til å skapa eit heilare og meir samansett bilete for den som treng hjelp. 

– Det igjen kan bidra til rett diagnose og rettare behandling slik at pasienten i større grad kan få rett hjelp og bli friskare, seier Lunde. 

Pårørande er ein stor ressurs

Det å bli møtt av helsevesenet på ein god måte, kan både hjelpa pårørande i ein krevjande situasjon og indirekte ha positiv effekt på den som er sjuk. I tillegg er pårørande ein stor ressurs. 

– Så mange pårørande gjer ein kjempejobb. Dei er ein stor ressurs, men dei må handtera alt. Det å få meir kunnskap, avlastning og auka forståing, kan bidra til å verta endå betre ressurs, og til at samvêret blir betre, meiner Lunde. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden