Varierte utsikter for næringslivet

— Vestlandet har fleire bein å stå på når det er problem i enkelte bransjar, seier banksjef i Sparebanken Vest i Etne, Magnhild G Våge. Vestlandsindeksten for tredje kvartal i 2023 viser eit stort spenn i kva dei ulike bransjane forventar av vekst framover.

Foto: Økland Foto

— Vi veit frå tidlegare at Vestlandsbedriftene og arbeidskrafta på Vestlandet er omstillingsdyktig og tilpassar seg dei gjeldande forholda, seier Våge. 
Ho viser til at Noreg er inne i ei dyrtid med raskt aukande kostnader og renter, og at dette går hardt utover enkelte næringar. 

Magnhild G Våge er banksjef i Sparebanken Vest si avdeling i Etne. Ho meiner bedriftene på Vestlandet er omstillingsdyktige. (Foto: Sparebanken Vest)Sprik mellom næringar

— Vestlandsindeksen for tredje kvartal 2023 viser at særleg bygg og anleggssektoren har låge forventningar til framtida, og ein ventar difor lågare aktivitet i den næringa framover. Samtidig viser indeksen at til dømes bedrifter som er retta mot olje- gass og kraftsektoren er svært positive. Der er investeringsaktiviteten god, og forventningane til framtida høge.

Konkret viser vestlandsindeksen at bygg- og anlegg har historisk låge forventningar, og fell frå 56,0 til 49,5. Alle enkeltindikatorar går tydeleg ned, då særskilt forventningane til lønsemd og etterspurnad. 

— På den andre enden av indeksen er altså olje- og gassbedrifter som framleis har høge forventningar, sjølv om dei er litt lågare enn sist kvartal. Indeksen endar på 66,6, noko som tyder på høg aktivitet vidare innan energisektoren, seier Våge.

Indeksrapporten viser også til at arbeidskrafta er omstillingsdyktig og tilpassar seg forholda. Nedgang for bygg og anlegg frigjer arbeidskraft til olje, gass - og kraftsektoren.

Tilpassar seg marknaden

Etter store fall mot slutten av 2022 har 2023 vist ein meir stabil resultatindeks, og no nærmar han seg igjen det historiske gjennomsnittet på 59,8. Samla stig resultata frå 56,1 i førre kvartal, til 57,5 i tredje kvartal. Av enkeltindikatorar er det lønsemda som stig mest med 2,6 poeng, litt opp frå eit lavt nivå.  

Kjetil Benson, leiar av markets i Sparebanken Vest, gler seg over at indikatoren for bedriftene si lønsemd trekk litt opp igjen.  

— At grafen snur tyder på at bedriftene er i ferd med å tilpasse seg dei nye rammevilkåra. I forhold til kor mykje renta har stige på kort tid, så responderer bedriftene meir positivt enn ein kunne frykte på førehand. Dei har evne til å tilpasse seg både høge kostnader og høge rentenivå raskare. Samla sett så får ein så pass ok resultat gitt tida vi er i. Grunnen er nok at det er store motorar i andre næringar som gjer det veldig bra og har veldig gode framtidsutsikter,  forklarer han, seier han på Sparebanken Vest sine eigne nettsider. 

Vestlandsindeksten er Sparebanken Vest sin kvartalsvise temperaturmålar av næringslivet på Vestlandet. Sidan 2012 har banken spurt 700 bedriftsleiarar om resultat og kva forventningar dei har til framtida.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden