Utvidar bryggeproduksjonen

Denne dagen er det ekstra høg puls inne i kontorlokala til Etne Betong på Tongane. Bedrifta har i tillegg til produksjon av ferdigbetong produsert flytebrygger sidan 1984, noko som har gitt dei posisjonen som leiande innan den nasjonale marknaden. Men i dag står den viktige liften som dei fekk spesialprodusert i Chicago stilt. Dagleg leiar Erik Gravelsæter ristar på hovudet medan han ser på den 27 tonn tunge doningen som står heilt i ro.

– Det kostar pengar at me ikkje har liv i den, men me finn andre løysingar. No ventar me på deler, det tar nok litt tid før me er i gong igjen, seier han medan sonen Kristen Runar og kona Toril nikkar.


I familiebedrifta på Tongane tel ein ikkje arbeidstimar i leiinga, og ein veit at all investering kostar, men likevel gir resultat i andre enden. Påbygget som no er under bygging er på 1100 kvadrat og utvidinga kostar totalt om lag 10-12 millionar kroner. Dersom alt går etter planen står bygget klart i oktober dette året, det er Grude Bygg som står for bygginga.

– I tillegg utvidar me dokka, slik at ein no kan sjøsetje bryggene i hallen, fram til no har me levert dei ute på kaien, seier Kristen Runar som er prosjektleiar og har ansvar for salet av bryggene. Han meiner at det finst ein marknad for store flytebrygger, blant anna til offentlege kaianlegg til hurtigbåtar, eller som flytande grunnlag for leilegheitskompleks.

– Det kjem inn fleire førespurnadar på dette med husbåtar og husvære som skal byggast på betongbrygger. Det er jo noko me kanskje kjenner aller best til frå andre land, men det er ein god måte å utnytte små areal på. Etter mange år med erfaring frå bryggeproduksjon veit dei kva som skal til for å lage brygger med høg kvalitet. Betongen er spesielt utvikla for bruk i brygger, det er brukt rikeleg med armering og i 2004 flytta dei produksjonen innandørs for å få full kontroll med herdeprosessen.

Image
Hunden Maja er ofte med på jobb , gründer-ekteparet Toril og Erik Gravelsæter kan feire 40-årsjubileum i bedrifta neste år. (Foto: Judith Sørhus Litlehamar)


Kristen Runar Gravelsæter er andre generasjon i bedrifta, no inviterer han på kaffi rundt eit møtebord midt i eit stort kontor der tre av fem i administrasjonen har sin arbeidsplass. Me er midt i høgsesongen i bryggeproduksjonen, og det er mykje som skal gå i orden. Ein av arbeidarane i bryggeproduksjonen er innom for å avklare noko, og Kristen Runar viser fram ein bryggeteikning til faren for å dobbeltsjekke nokre mål på eit nybygg. Toril kjem inn på kontoret med hunden Maja i hælane. Toril jobbar i administrasjonen og er medeigar i bedrifta saman med mannen og betong-gründeren Erik, hunden er ofte med på jobb. Sjølv om det i dag er fleire å dele oppgåvene på så var ho og mannen fram til 2009 åleine i administrasjonen.

– Det har vore travle år i oppbygginga av bedrifta, neste år blir me 40 år. Det er klart det har vore krevjande, seier Erik og kikkar over bordet til kona og sonen.

– Du har alltid jobba mykje, tidleg oppe og seint i seng, og skal du setje deg ned og slappe av så sovnar du berre. I oppveksten var det ikkje så mykje barna såg til faren, seier Toril og kikkar humoristisk bort på mannen.


Kristen Runar er ein av tre søsken i familien Gravelsæter, han har fått inn betongdrifta med morsmjølka, sjølv om han ikkje nødvendigvis har dilta etter foreldra i arbeidet.

– Me eldste var ikkje så mykje med her på jobb, det er det nok meir minstemann som har gjort. Men eg hugsar det var travelt for dykk, eg kan berre hugse ein ferie frå barndommen, og det var ei langhelg i Kristiansand, fortel han og smiler.

Sjølv er han IT-utdanna og har tidlegare jobba for Etne kommune, i 2019 tok han steget inn i familiebedrifta.

– Det er bra dei unge kan vere med ei stund før dei må ta over alt, ein veit aldri når ting skjer, meiner Erik og ser bort på den yngre generasjonen.

– Det er mykje å setje seg inn i, så det er godt å få god oversikt.

Image
Erik Gravelsæter trivst best når han kan få skape noko saman med andre. (Foto: Judith Sørhus Litlehamar)


I Etne Betong og søsterselskapet Etnebrygga er det totalt 25 tilsette, blant desse er fem i administrasjonen, fire betong-sjåførar og resten i produksjonen. I tillgg til om lag 250 brygger i året produserer bedrifta også om lag 8-10 000 kubikk betong årleg. Bedrifta leverer ferdigbetong til prosjekt på Haugalandet og Sunnhordland, og har eigen pumpebil. Dei omset for om lag 60 millionar i året, der litt over halvparten kjem frå Etnebrygga. Koronaåret sette også sine spor, sjølv om dei meiner dei kom heldig frå det.

– Me fekk ein nedgang i sal av brygger, frå 270 i 2019 til 220 brygger i 2020. Det viser igjen når ein produserer 50 brygger færre, samstundes var 2019 eit spesielt godt år.

Dei fleste arbeidarane i Etnebrygga er frå Polen, for dei har det vore mange lange månadar der dei ikkje har fått besøkt familiane sine. Mange av arbeidarane har vore i bedrifta i mange år, og knytt tette band til Gravelsæter-familien.

– Me var til og med nede i bryllaup til han eine for nokre år sidan. Dette året har og vist oss kor avhengige me er av utanlandske arbeidskraft i mange bransjar.

Anlegget på Tongane er blitt påbygd fleire gonger, siste byggetrinn på hallen var ferdig i 2009. Seinast i 2020 kom det blant anna og opp nytt sandlager. No er kapasiteten på området snart brukt opp, det er ikkje lett å utvide området noko meir, og Erik peikar på at det knapt finst ledig næringsareal i kommunen igjen. Sjølv er han betong-gründeren som likar å skape noko, drivkrafta er å få til noko saman med andre, og utfordringar likar han godt.

Hausten 2017 opna ein skulpturpark under vatn på Sjøholmen i Sandvika i Oslo. Etne Betong har produsert ein av skulpturane, der ein mann og ei jente står på ei betongplate som skal førestille bølger, dei står og kikkar ned i sjøen der det gøymer seg fleire av kunstnaren Jason deCaires Taylor sine skulpturar.

– Me jobba mykje med å få dette til, løysingar vart å støype alt på hovudet, og snu det etterpå. Eg hadde tru på dette heile tida, men det var kjekt når me såg det fungerte.


Arbeidstimane har vore mange, og Erik og Toril har aldri unt seg høge leiarlønningar. Då Erik vart 60 spanderte styret i bedrifta tur på dei til Thailand.

– Den einaste haka var at me måtte betale det sjølv, seier Erik og ler godt.

– Men det vart absolutt ein minnerik tur.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden