Utsleppskutt bidrog til Miljøfyrtårn-status

Dagleg leiar i Ottar Skjold Maskin, Håvard Skjold har lenge ønskt å redusere unødvendige utslepp frå maskinparken. Meir økonomisk køyring og redusering av tomgangskøyring har gitt resultat og ein reduksjon på 20 prosent, det er noko av årsaka til at dei no har fått Miljøfyrtårn-sertifisering.


Håvard Skjold hadde planane klare for å setje i gang reduksjonstiltaka allereie i mars. Koronaen utsette derimot prosjektet, og undervegs fann bedrifta ut at sertifisering som Miljøfyrtårn var eit godt verktøy for å systematisere dette arbeidet. Linda Bjelland Skjold som blant anna er HMS-Miljøfyrtårnansvarleg i bedrifta kan vise til ei lang liste med kriterium for å oppnå statusen som Miljøfyrtårn. Bedrifta må oppfylle ein del krav innan felleskriterium i tillegg til bransjekriterium som maskinentreprenør. Sidan august i fjor har dei jobba målretta for å oppnå krav innan system, arbeidsmiljø, innkjøp, transport, avfall og energi. I dag fekk dei det synlege beviset på Miljøfyrtårn-statusen overrekt av fungerande ordførar Tove Elise Madland (AP).

– Det blir stadig større krav til bransjen vår om auka fokus på miljø. Eg trur me er den første entreprenøren i regionen som får statusen, me håpar jo dette skal gi oss eit fortrinn framover, seier Linda Bjelland Skjold.

Fungerande ordførar på si side var stolt over at Vats-bedrifta no fekk miljøfyrtårn-beviset sitt og meiner dette er eit viktig kvalitetsstempel å ta med seg vidare.

– Dette viser at bedrifta har tatt eit framtidsretta og bevisst val, noko eg trur både styrker merkevara, kuttar kostnadar og skaper resultat. Dette er også viktig i den grøne omstillinga som næringslivet er midt inne i, slår Tove Elise Madland fast.

Miljøfyrtårn

  • Miljøfyrtårn er ei nasjonal miljøsertifiseringsordning drifta av Stiftelsen Miljøfyrtårn. Stiftelsen blei oppretta i 2003 av sentrale organisasjonar i næringsliv og offentleg forvaltning. 

Grønt prosjekt

Eit av bransjekriteria for å bli sertifisert som Miljøfyrtårn, er å ha fokus på lågast mogleg utslepp frå maskinar og utstyr. For Ottar Skjold Maskin og resten av bransjen er det også unødvendige utslepp som er det absolutt viktigaste satsingsområdet for å betre miljørekneskapen. Sidan i august i fjor har bedrifta arbeidd med økonomikøyring og tomgangaksjon, dette har så langt gitt ein reduksjon i unødvendige utslepp på 20 prosent.

– Dei tilsette har gjort ein god jobb med å bidra til å redusere utsleppa. Dei er positive og engasjerte, og vil oppnå gode resultat, fortel Bjelland Skjold.

– Me har og ein moderne maskinpark som og er med på å senke utsleppsnivået, i desember investerte me også i elektrisk knuseverk. Dersom regjeringa skal nå sine mål om 50 prosent kutt i Co2 innan 2030 må me og bidra.

Treng fleire tilsette

Ottar Skjold Maskin omsette i 2019 for nesten 29 millionar kroner, og entreprenørbedrifta tilbyr grunnarbeid, opparbeiding av tomter og arbeid innan vann og avløp for både offentlege og private kundar. Dei har 16 tilsette, inkludert ein lærling. No er dei og på jakt etter ein ny tilsett, i tillegg til ny lærling til hausten.

– Det må me få på plass for å klare å ta arbeidsmengda. Me fekk ein litt roleg periode i haust på grunn av korona-utsette prosjekt, men no har me grei ordrereserve, seier Linda Bjelland Skjold.

Maskinparken i bedrifta består av 11 gravemaskiner, fire hjullastarar, to lastebilar og fire mobile knuse -og sikteverk.




Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden