Utfordrande kvardag på kontoret

På jobben: Kristin Silde Frønsdal (21) frå Etne er snart ferdig med læretida innan transport og logistikk hjå Nortura, ei læretid som har vist seg å by på utfordringar og meistring.

Navn: Kristin Silde Frønsdal 

Bedrift: Nortura 

Stilling: Lærling innan transport og logistikk

Kvifor valde du denne yrkesvegen?

Fyrst valde eg å utdanne meg som yrkessjåfør og detter det byrja eg med denne utdanninga då det verka som ein veldig spanande og krevjande jobb. Eg ønskja å jobba med folk, og her har eg tett kontakt med både bønder og sjåførar.

Korleis fekk du denne lærlingplassen?

Eg søkte etter denne læreplassen etter at eg var ferdig med fagbrevet som yrkessjåfør. Eg kunne tatt utdanning innan logistikk utan fagbrev som sjåfør, men eg trur det er ein stor fordel for meg å ha transport i botn sidan eg styrer lastebilane. Då veit eg litt meir om korleis sjåføren sin arbeidsdag er, og kan meir om kva som kan oppstå der ute.

Kor i utdanningsløpet ditt er du nå?

Eg starta som lærling her på logistikk i april i fjor og skulle ha gjennomført fagbrev nå i april, men det er utsatt grunna koronasituasjonen. Eg håpar på å kunne fortsetja i denne jobben etter fullført fagbrev.  

Beskriv ein typisk arbeidsdag:

Akkurat no sit eg på heimekontor, men drifta hjå oss går heilt som normalt. Me har innmeldingsfrist hjå oss kvar tysdag, så då planlegger eg lass til alle sjåførane våre til veka etter, sidan me alltid planlegg ei veke fram i tid. Då må me setja opp lass som passar til kvar enkelt bil, kvar dag. Dette skal også klaffa med ein slakteplan, det skal ikkje vera for fullt, men heller ikkje gå tomt på slaktelinja. Det må også passa i andre enden, i hengehallen kan det heller ikkje bli for fullt, det må stemma i forhold til kva som vert seld. Eg pratar og ein god del i telefon med bønder som vil melde inn dyr eller at enten eg eller dei melder frå om endringar i leveringen.

 Når planen er lagt skal me senda rapportar til Mattilsynet for å visa at me har kontroll på kvart og eit individ som kjem inn til oss.

Kva har du lært om jobben som du ikkje visste frå før?

Eg visste eigentleg ikkje kva eg gjekk til, men det viste seg å vera veldig mykje meir å passa på i denne jobben enn eg hadde førestilt meg. Då eg jobba i transporten sjølv fekk eg berre utdelt eit lass og ei rute med plukkliste. Nå sit eg i andre enden og skal lage denne lista. Eg er veldig positivt overraska over at det er ein såpass spanande jobb. Sjølv om eg berre sit her inne på kontor får eg nok utfordringar og mestringsfølelse når eg klarer å løyse desse.

Innimellom kan eg ta meg ein tur ut å køyre om det er behov for å hente ein bli eller ekstra travelt for dei andre, så då får eg lufta meg litt likevel.



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden