60 millionar til ny verkstad

Fylkeskommunen vil byggja ut Ølen vidaregåande skule med ny, toppmoderne verkstad for Teknikk og industriell produksjon, elektrofag og byggfag. – Eit kjempeløft for den lokale rekrutteringa, meiner næringslivet.

Rådmannen i Rogaland Fylkeskommune føreslår utbygging av Ølen vidaregåande skule. Går politikarane for forslaget, kan skulen ønska elevar på yrkesfag vel møtt i heilt nye lokale hausten 2019. 

Eit nybygg på om lag 2000 kvadratmeter vil husa ny verkstad for både Teknikk og industriell produksjon (TiP), Bygg og anleggsteknikk, Elektrofag og  Arbeidsmaskinar. 

Yrkesfaga er avgjerande for rekruttering av fagfolk til det lokale næringslivet, samstundes som lokale bedrifter er ivrige støttespelarar for den lokale yrkesutdanninga. Ei så stor satsing på Ølen vgs vil bety enormt for det lokale næringslivet meiner bedriftene i distriktet. 

- Lærlingar frå Ølen vidaregåande er den viktigaste rekrutteringskanalen me har, og dei fleste lokale lærlingar får fast jobb hjå oss etter læretida. Det er vanskeleg å få tak i lærlingar og arbeidskraft utanfrå distriktet, og eit så størt løft av Ølen vgs betyr mykje for å vidare byggja opp lokal arbeidskraft. Med nye fasilitetar vil det vera lettare å få elevar til å velja yrkesfag. Dessutan vil dei få kjennskap til tidsriktig utstyr som gjer dei endå betre rusta til arbeidskvardagen hjå oss, seier Aase Vinjerui Berge i Berge Sag Fagbygg. 

Det er føreslått ei investering på 60 millionar kroner til utbyggingsprosjektet; 35 millionar kroner i 2018 og 25 millionar i 2019. Saka skal opp til politisk handsaming av Fylkestinget i desember. 

Therese Olsen (16) frå Haugesund, trer på seg hanskar og drar sveisemaska nedover ansiktet. Draumen er å bli bilmekanikar eller sveisar. Nå tar ho andre året på Industriteknologi i Ølen.

Eit næringsliv for skulen 

Omlag halvparten av elevane ved Ølen vgs går på yrkesfag, noko som har kome mange lokale bedrifter til gode gjennom åra. 

Helgevold Elektro hadde ikkje vore det selskapet det er i dag, om det ikkje hadde vore for tilgangen på lokale lærlingar, seier dagleg leiar Johannes Helgevold. 

- Me satsar på lokale ungdommar, og har hatt mellom 20 og 30 lærlingar dei siste åra. I haust vil fire av elektro-ærlingane våre i Vindafjord ta fagbrev, og dei vil alle få fast arbeid hjå oss vidare. Me har alltid hatt mange lærlingar, og ønskjer halda det same nivået framover. Ei sterk satsing på yrkesfaga ved Ølen vgs er eit viktig løft både for skulen og for oss, seier han. 

Samstundes som det lokale næringslivet drar nytte av yrkesutdanningane i distriktet, har også bedriftene vore ein viktig bidragsytar for å oppretthalda breidda av lokale utdanningstilbod. 

- Me har svært gode støttespelarar i næringslivet, med mange læreplassar i nærliggjande bedrifter. Dette har også bidratt til at me kan tilby dei linjene me har i dag. Utan store arbeidsplassar som til dømes Westcon og SMV, ville til dømes andre klasse TIP stått i fare. Me er avhengige av deira behov for lokal arbeidskraft for å tilby desse linjene, seier Sæle.

Omlag femti prosent av elevane på Ølen vidaregåande skule går på yrkesfag. Gunnar Mæland ser for seg endå eit år på skule etter VG2 Industriteknologi på Ølen vgs. 


Populære lærlingar 

Elevar frå Ølen vgs har vore ettertrakta som lærlingar, fortel faglærar Espen Bjørge. 

 - Det har vore valets kval for mange elevar som har måtta velja mellom fleire gode tilbod om læreplassar etter skuletida her. Westcon har til dømes i nesten alle år tatt i mot dei fleste av elevane våre som ønskjer læreplass der, fortel han. 

Det lovar godt for Svein-Torgar Paulsen Oland (17) frå Bjoa som håpar å bli lærling på Westcon etter skuleåret er omme. Saman med Gunnar Mæland (17) frå Etne går han andre året på industriteknologi. 

- Eg vurderer endå eit år på skule. Då blir det truleg køyretøy-linja. Anten i Etne eller i Sauda, seier Mæland. 

Fram til og med 2019 vil Rogaland Fylkeskommune leiga lokale på Tesdal i Etne der Etne vgs i dag tilby TiP, Arbeidsmaskiner og Køyretøy. Den nye verkstaden ved Ølen vgs skal også gje plass til ein halv klasse på linjene for Arbeidsmaskin og Køyretøy som følgje av at linjene ved Etne vidaregåande skule skal vidareførast ved Ølen VGS. 

 - Dersom søkjartala forsvarar det, kan også Køyretøy bli ein del av Ølen VGS sitt studietilbod, fortel Sæle.

Therese Olsen starta på Haugaland vidaregåande skule i Haugesund, og valde Ølen andre året. - Eg likar meg veldig godt, men det er ikkje så moderne lokale her som det var på Haugalandet. Det kunne nok gjort seg med litt meir moderne lokale og utstyr, seier ho. 

Håpar på 350 elevar neste skuleår 

Ho ser fram til å kunne samla alle elevar under same tak, med moderne fasilitetar. 

- I dag er det tronge og små lokale for mange av yrkesfaga. I tillegg må me leiga ekstra lokale til elevane på byggfag.  Med utbygginga samlar me alle elevar i same bygg. Me er veldig glade for at fylkeskommunen satsar på oss. Dette har me ønska oss lenge, og det vil også komma godt med dersom elevtalet aukar frå hausten av, seier Sæle. 

Dei tre siste åra har Ølen vgs hatt ei stabil auke i søkjartala. I år er det 280 elevar ved skulen. Sæle håpar ho kan ønskja 350 elevar velkomne til nytt skuleår frå hausten av. 

– Me veit jo ikkje, men me håpar jo sjølvsagt at elevar som elles ville søkt seg til Etne ønskjer å gå hjå oss, seier ho. 

Medan utbygginga av Ølen vgs ventar på politisk klarsignal, er det allereie omfattande byggjeaktivitet på skulen. Helse- og oppvekstfag får i desse dagar nye og større lokale, samstundes som laboratoria for realfaga blir utbetra. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden