- Bedriftene er rause


Stor givarglede i Vindafjord! På telefonrunden hanka ordførar Ole Johan Vierdal, varaordførar Steinar Skartland og næringshagesjef Merete Vårvik Matre  (t.v) inn 80 000 kroner frå dei lokale bedriftene. - Me har god erfaring med stor givarglede hjå næringslivet her, seier kommunen sin koordinator for TV-aksjonen, Gunnbjørg Nesbu (t.h)

- Dette er femte året me har ringestafett med til lokale bedrifter i samband med TV-aksjonen. Næringslivet i Vindafjord har alltid vore generøse, og det er tydeleg at næringslivet her bryr seg, seier koordinator for TV-aksjonen i Vindafjord kommune, Gunnbjørg Nesbu.

Årets TV-aksjon er til inntekt for Kirkens Bymisjon. Hovudinnsamlinga er på søndag 21. oktober, men i dag var det innsamling blant Vindafjord-bedriftene over telefon. 

Folkevalde og representantar frå næringslivet har saman med ordførar årleg tatt seg av ringedugnaden til det lokale næringslivet, og i år er det Merete Vårvik Matre i Medvind24 Næringshage og varaordførar Steinar Skartland som har vore med på næringslivsstafette.   

Då dugnaden avslutta kl. 13.30 i dag, var det samla inn meir enn 80 000 kroner frå det private næringslivet, og summen vil truleg auka utover veka. 

- Me har sendt mail til fleire av bedriftene me ikkje fekk tak i i dag, og  me held fram med å oppmoda næringslivet om å bidra, seier Nesbu. 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden