Turlaget vil opna gamlevegen til Etne

Gamlevegen mellom Ølen og Etne har førsteprioritet for Vindafjord Turlag. Det vart bestemt på laget sitt første, ordinære årsmøte nyleg. Leiar Arne Gunnar Habbestad vonar å kunne invitere til opning alt i år.


- Målet vårt er at me skal kunna knyta alle bygdene i Vindafjord saman med framkomelege vegar for så vel gåande og syklande, som rullestolbrukarar og folk med barnevogn eller til hest. Sjølv om Etne ikkje er ein del av Vindafjord – enno – så meiner me gamlevegen over Fikse er den som vil trekke flest brukarar ut på tur. Difor ønskjer me å starte med denne vegen, fortel Habbestad, som alt har vore på synfaring hos nokre av grunneigarane. 

Torgeir Eidhammer er ein av desse. Han stiller seg svært positiv til at den gamle skulevegen hans frå Fikse til Ølen kan gjerast farbar igjen. - Det har vore eit ønskje i mange tiår, og mange initiativ har vore tatt utan at noko har skjedd. Eg er glad for at turlaget no har prioritert denne vegen, og ser fram til at dei skal kome i gong over eigedomen min. Dei kan starte arbeidet her hos meg alt i dag, om dei vil, ytrar han. 

Siste biten av vegen mellom Hellevad og Hiksdalsvegen blir grusa i desse dagar. Kjell Skrunes (t.v.) har hatt ansvaret for arbeidet saman med grunneigar Kjell Vidar Øglænd. Harald Olav Stuhaug har ansvarande for Smil-midlane i Vindafjord kommune. Foto: Torleif Heggebø

Flying start med Smil-midlar 

Vegen er på det næraste klar til bruk frå Ølen til Hiksdal. Kjell Vidar Øglænd og Kjell Skrunes har dei siste vekene opparbeid dei siste fire-fem hundre metrane opp til Hiksdalsvegen. 

- Me har fått såkalla Smil-midlar – ein stønad som skal nyttast til spesielle miljøtiltak i landbruket – til opprusting av den siste biten opp mot Hiksdalsvegen, fortel grunneigar på den lengste strekka av vegen, Kjell Vidar Øglænd. 

Øglænd har dei siste åra rusta opp vegen frå grensa si ved garden på Hellevad. Dei siste par hundre metrane opp mot Hiksdal går på to av naboane hans sine eigedomar, men Øglænd har vore så ivrig på å få denne vegen framkomeleg at han meir enn frivillig har stilt opp med dugnadsinnsats for å få strekninga opna. 

Forlenga tillit 

Årsmøtet i det snart fem månadar gamle turlaget gav alle styremedlemer forlenga tillit inn i eit fullt driftsår. Det vil seie at Arne Gunnar Habbestad held fram som leiar, og har med seg Jan Sverre Frønsdal, Lars Dalen, Rune Furseth og Erik Baust i styret. Sistnemnde er kommunen sin representant. 

- Hovudmålet blir å få vegen over Fikse framkomeleg, men me har òg ambisjonar om å kome i gong med to av dei andre samanknytingsvegane mellom bygdene våre i løpet av året, slår Habbestad fast.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden