Trur 2022 blir eit godt år

– Det er spanande tider og mange krefter er i sving som påverkar marknaden. I fjoråret var det mange bransjar som opplevde vekst, men også mange som vart påverka av koronarestriksjonane og som dermed fekk nedgang. Det blir spanande å sjå kor den nye normalen blir, uttalte Knudsen i Medvind24-webinaret tidlegare i dag der temaet nettopp var utsiktene for næringslivet i eit nytt år. Heile 90 deltakarar hadde meldt seg på webinaret der også konsernsjef i Fatland, Anders Hundseid, leiar for Coop Extra Etne, Linda Arnøy og økonomisjef i Berge Sag & Trelast, Lars Gunnar Berge deltok med sine betraktningar rundt starten på eit nytt næringsår.

Positive utsikter


Sjeføkonom Kyrre Knudsen meiner vekstpotensialet absolutt er til stades i dei fleste næringar, sjølv om starten av 2022 vart litt rolegare.
– Me fekk ein dempa start på året av fleire grunnar. Smitten har auka, me fekk nye koronatiltak, og i tillegg har me nokre sesongmessige variasjonar. Bygg og anlegg er til dømes ein bransje som tradisjonelt sett alltid har det litt rolegare på vinteren. Likevel er utsiktene positive, meiner Knudsen og peika på uromoment som internasjonal økonomi, tilgang til arbeidskraft og varer som moment som kan påverke utviklinga.
– Det er klart det er strekk i laget på kven som har hatt vekst gjennom koronaperioden og bransjar som reiseliv, kultur og uteliv som derimot har hatt sterk nedgang. Me ser og at me har sterk vekst i mange prisar, som oljepris og straumpris, og ein inflasjon som går opp. Dette påverkar både bedriftene sin økonomi og privatøkonomien vår, slår Knudsen fast og peikar på at auka utgifter til straum, drivstoff og renteauke ofte blir kalla trippelsmellen.
– Det blir veldig spanande å sjå kva Noreg no gjer framover, i Danmark går det mot full opning, og dei har dobbelt så stort smittepress som me har. Eg trur me kjem til å sjå rask opning her i landet og.


Stor skilnad 


Heile 54 prosent av bedriftene på Haugalandet ventar vekst i året som kjem. Samanliknar ein det lokale resultatet med hovudindeksen for Noreg ligg Haugalandet litt under, men er likevel i ein positiv oppgang.
– Me ser at det blir forventa vekst i både industri, samt bygg og anlegg, det er og godt driv i hyttemarknad og bustadmarknad. I tillegg er fleire store offentlege infrastrukturprosjekt er sett i gang i denne perioden.
– Så ser me at reiseliv, kultur og serveringsbransjen har hatt sterk nedgang, og at mange der har frykta konkursar meir enn før. Likevel er talet på konkursar i fjor lågare enn normalt, fortel Knudsen.
Trass pandemien var den globale veksten i økonomien på seks prosent i fjor, i år er målet sett til 4,4 prosent. Noreg har og eit sterkt vekstpotensial i mange av dei eksportbaserte næringane, meiner Knudsen. 

Sterk inflasjon


– Barometeret vårt viser at me langt på veg har tatt igjen det me tapte i pandemien, og økonomisk er me oppe på normalt nivå. Det skuldast naturleg nok at me har hatt låg rente og sterk offentleg pengebruk gjennom desse åra. Me ser no at aktiviteten tar seg opp igjen i mange næringar, seier sjefsøkonomen.
Han peikar likevel på at auka inflasjon er ei utfordring som gjerne bankvesenet no ser kan bli meir langvarig enn først tenkt.
– Sjølv om me no er positive, er det sjølvsagt ingen garanti for at alt skal gå bra. Inflasjonen blei spådd til å gå over ganske raskt, men det har tatt lengre tid enn ein trudde. No har me ein høg inflasjon som er høgare enn forventa lønnsvekst, og då kan me kome inn i ein vanskeleg inflasjons-spiral.
Barometeret til Sparebank 1 SR-Bank viser også til at to tredjedelar av bedriftene har tilpassa strategi for å få auka berekraft i eigne bedrifter, ganske mange av desse har og endra drifta for å drive på ein meir miljøvennleg måte.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden