Treng offensiv samferdslepolitikk


– Kva meiner du er det viktigaste for å vidareutvikla næringslivet i Vindafjord og Etne?

Stortingsvalet 2021: Sveinung Stensland (H)

  • I september er det nytt stortingsval! Me har spurt topp-kandidatar kva dei meiner er dei viktigaste sakene for regionen i denne valkampen. I dag: Sveinung Steinsland (H)
  • Aktuell: 2. kandidat til Stortinget for Høgre i Rogaland
  • Alder: 48 Kjem frå: Haugesund
  • Dei viktigaste sakene for partiet: Kunnskap i skulen, betre helseteneste, skape fleire jobbar og få fleire ut i arbeid.


– For Vindafjord sin del spesielt er det viktig at me legg til rette for godt lokalt eigarskap, og fører ein politikk som sikrar familiebedrifter. Det er mange som er misunnelege på kva ein har fått til av næringsklynger i Vindafjord, det er ikkje mange andre kommunar som har fått til noko liknande. Etne kjenner eg ikkje så godt til, men eg ser jo at primærnæringane står sterkt.

– Me må og føre ein landbrukspolitikk der det er rom for å utvikle næringa, og inntektsgrunnlaget til bonden må sikrast. Så er det eit spørsmål om tempo, struktur og andre tema som ein må sjå på framover, meiner Høgre-politikaren.

– Kva meiner du skal til for å gjera det meir attraktivt å bli gründer i Vindafjord og Etne?

– Høgre har no lansert ein eigen gründerpakke der ein har kartlagt kva som skal til for at fleire tar steget og startar for seg sjølv. Det som kjenneteiknar gründerane er at dei har ein kjempegod ide, som mange har tru på, inkludert banken. Men det kjem til eit punkt der kapitalen ikkje strekk til, og då er det viktig med god tilgang på risikokapital.

– Vil de jobba for fullfinansiering av ny E134 gjennom Vindafjord og Etne?

– Når ein snakkar om næringslivsutvikling på Haugalandet så er det veldig viktig med ein offensiv samferdslepolitikk. Det er mykje snakk Bakka–Solheim, så det var bra at me fekk den på plass i NTP. Me treng og å samle troppane rundt E134. Det er ingen andre på Stortinget som er meir opptekne av vegane på Haugalandet enn me som er her ifrå. Dessutan meiner eg alt som ligg mellom Bergen og Stavanger av næringsliv vil dra nytte av både Rogfast og Hordfast, så det er viktig at dei prosjekta ikkje stagnerer.

– Bør det setjast ein sluttdato for olje- og gassleiting?

– Nei, me vil ikkje ha noko sluttdato for leiting. Me vil halde fram med konsesjonsrundar og legge ut nye leiteprosjekt. Det er viktig å få utsleppa ned, det er betre at me kan drive ein fornuftig oljeproduksjon enn at den blir flytta ut til andre land som ikkje har så miljøvennleg produksjon. Om ikkje me produserer vil det bli erstatta andre stadar, slik er det berre.

– Korleis vil de sikra betre rekruttering av fagfolk til distrikta?

– Me ynskjer at fleire tar yrkesretta utdanningar, og vil styrke posisjonen til fagarbeidarane. Det må vere nok læreplassar ute i fylka, der er Rogaland i ein særklasse. For å få fleire fagfolk til å flytte ut i distrikta må ein har vekststerke bedrifter der, folk flyttar ikkje til område der det ikkje skjer noko. Her har Vindafjord mykje å spele på.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden