Ny runde med Tour des Vindafjords

For tredje året på rad blir det sykkelfestival og folkefest når Tour des Fjords rullar gjennom Vindafjord. Etappe 2 går frå Stord til Odda gjennom Vindafjord 1. september.



Dei siste to åra har Tour des Fjords lagt ein av etappane gjennom Etne og Vindafjord. 1. september i år skal nok ein gong nokre av verdas beste syklistar fresa gjennom Indre Haugalandet på veg mot Odda i årets Tour des Fjords. 

Startskotet for andre etappe går på Stord, gjennom Bømlafjordtunnelen til Aksdal og vidare på E134 gjennom Vindafjord og Etne, før målgang i Odda. 

Næringslivet i Vindafjord har dei siste åra invitert til folkefest langs løypa, og etter alle solemerker vil det nok ein gong bli underhaldning og show for store og små ved E134 i Ølensvåg. 

- Det såg lenge ut som om løypa ikkje ville koma innom Vindafjord eller Etne denne gongen, men nå ser det ut som me kan førebu oss på ny Tour des Vindafjords allikevel. Me veit me har laga eit godt folkeliv og bygd opp eit flott arrangement lokalt rundt løpet tidlegare. Det har tydelegvis ikkje gått ubemerka hen, seier Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling. 

Saman med medarbeidarar frå mellom anna Ølen Betong, Westcon, Omega, Kiwi, Statoil Ølensvåg og Frisk treningssenter har Fikse Nærinsgutvikling køyrt i gong det lokale arrangementet Tour des Vindafjords i samband med rittet. 

Tour des Vindafjords krydrar rittet med ei rekkje sykkelaktivitetar, konkurransar og show for både store og små, før og etter etappen gjennom kommunen.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden