To millionar SkatteFUNN-kroner til Fatland

Fatland AS i Ølen satsar stort om dagen. Ikkje berre bygger dei ut og mangedoblar produksjonen. Dei har òg sett i gong eit prosjekt for utvikling av ei heilt ny, heilautomatisk produksjonsline for røyking av kjøtprodukt.

- Det unike er at me skal kunne produsere både naturleg røykte produkt og produkt røykte med flytande røyk på same lina, noko som vil gi oss stor fleksibilitet og eit konkurransefortrinn i marknaden, fortel Svein Fatland, dagleg leiar ved slakteriet i Ølen. 

Ein 12-1300 kvadratmeter stor, ny hall står meir eller mindre klar til å ta imot det nye utstyret når det kjem frå Tyskland. Utviklingsprosjektet, som er unikt i verdssamanheng, er godkjent av Forskningsrådet, og søknad om SkatteFUNN-midlar er innvilga. 

- Ja takk, begge deler 

- Kundane våre har ulike krav og ønske til røykte produkt. Nokre vil ha produkta røykte på «gamlemåten» med røyk frå brenning av flis av til dømes bøk eller einer. Andre vil ha kjøt som er behandla med flytande røyk. Me vil sjølvsagt levere begge deler, seier Fatland. 

Går det som Fatland trur, kan den heilautomatiske røykelina deira altså ta hand om begge former. Det har aldri vore gjort tidlegare, men Fatland trur det skal vera råd å skifte mellom dei to røykemetodane i eitt og same anlegg. 

- Operatørane våre skal kunne velje den eine eller andre røykemetoden, og elles la den automatiske lina ta seg av resten, fortel Fatland. 

Heile prosjektet har ei kostnadsramme på rundt 15 millionar kroner. Forskings- og utviklingsbiten av prosjektet utløyser to millionar kroner i skattereduksjon gjennom SkatteFUNN-ordninga. For store bedrifter, som Fatland, er ramma for tildeling 18 prosent av kostnadane ein har til forsking og utvikling. Små og mellomstore bedrifter får 20 prosent. 

100 millionar sidan 2002 

Det er to nyleg tilsette medarbeidarar ved Fatland som har hatt ansvaret for søknaden om SkatteFUNN-midlar; forretningsutviklar Reinert Horneland og konsern økonomisjef Tor Magnar Kambe. Det er ikkje første gongen Kambe er involvert i slike saker, men første gong som tilsett i Fatland. 

- Det har vorte ein del søknadar opp gjennom åra sidan ordninga vart innført i 2002. Totalt har det resultert i om lag 100 millionar kroner i skattelette til søkarbedriftene eg har arbeidd for; om lag 60 av desse til bedrifter her i distriktet, fortel Kambe. 

Han var ikkje i tvil om at Fatland sitt prosjekt ville kvalifisere til SkatteFUNN-midlar då han vart gjort kjent med planane. 

Fleire bør søke 

Kambe meiner elles det er mange fleire, lokale bedrifter som har aktivitetar som ville kvalifisert til SkatteFUNN-midlar, men som ikkje kjem på, eller tek seg tid til å søke. Han på det næraste oppmodar fleire å nytte seg av ordninga. 

- Det er ikkje så vanskeleg som mange vil ha det til. Ein søknad på ei halv A4-side, saman med skjemaet som Forkningsrådet vil at ein skal krysse ut, kan vera nok. Kravet er at verksemda skal utvikle ei ny eller betre vare, teneste eller ein produksjonsprosess, eller at målet med prosjektet er å gi betre funksjonalitet og oppleving for brukarane av løysinga. Eg trur det er minst 60-70 prosent sjanse for å få ein søknad godkjent om ein òg kan synleggjera at det vil ligge systematisk arbeid bak det å tileigne seg ny kunnskap eller nye ferdigheiter. Det er viktig å synleggjere risiko for eventuelt å feile i prosjektet og ta med to-tre døme på kva som kan vera risikabelt. Eit samarbeid med ein forskingsinstitusjon eller høgskule skadar heller ikkje, meiner Kambe.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden