Det største TINE-kontoret finn du i Ølen

Og Magne Økland har gjeve bøndene råd i over 46 år. Saman med sju andre kolleger i TINE Rådgivning utgjer han det største og mest tverrfaglege TINE-kontoret frå Hordaland i nord til Hjelmeland i sør.

Å samla alle åtte tilsette har vore plent umogeleg. Dei er dei skal vera: ute på jobb hos bøndene. Så for å få fatt i nestor og nøkkelrådgjevar Magne Økland måtte Medvind24 til Vikedal der han var på besøk på garden til Sjur Blikra. 1. mai er det 47 år sidan Økland byrja i det som i dag er TINE Rådgivning. 

- Då var eg tilsett gjennom meieriet i Vikedal og var på besøk til kvar bonde 22 gongar i året. 11 gongar som rådgjevar og 11 gongar i samband med måling og veging av mjølk. No er det eit fast besøk i året, og så er det opp til den enkelte bonden kor mykje han eller ho vil bruka meg eller TINE Rådgivning ut over det, seier Økland. 


Kort om TINE Rådgivning

  • TINE Rådgivning er landsomfattande og skal bidra til auka konkurransekraft hos TINE-produsentane, og gjera det attraktivt å vera TINE-medlem. 
  • TINE Rådgivning distrikt Hordaland og Ryfylke dekkjer eit langt større område en namnet tilseier og strekkjer seg frå grensa til Sogn og Fjordane til og med Hjelmeland, Strand og Forsand. 
  • Har totalt 26 tilsette spreidd på kontor i heile distriktet. Ølen har det største kontoret og tilbyr rådgjeving innan bedrift, økonomi, fôring, helse, bygg og avl. 
  • I området er det om lag 900 såkalla hentepunkt. Eit hentepunkt er eit fjøs med mjølkeproduksjon. 
  • Alle bruk som er medlemmer får eit besøk i året. Utover det kjøper dei rådgjeving etter behov, og det varierer frå 0 til 35-50 timar.


Det er kona til Blikra, Maryna Novik, som tek imot, og dei har valt å ha Økland på besøk to gonger i året. Dei har 18 mjølkekyr og ein kvote på 135.000 liter. Nøkkelbesøket har dei om hausten sidan dei har telledato i oktober. Dyra ein har på garden er utgangspunktet for søknader til ulike tilskot som produksjons- og avløysartilskot. Nå Medvind24 er innom, planlegg dei mellom anna påsett av kalvar og slakting. 

Spisskompetanse viktigast 

- Eg har vore rådgjevar for både besteforeldra og foreldra til Sjur, og han har eg kjend sidan han var fødd. Slik er det med mange av dei 85 gardane eg har ansvar for no, men rådgjevarane i dag blir ikkje kjende med bøndene på same vis. Gardsbruk, utstyr og bønder har utvikla seg mykje, og i dag er det meir trong for spisskompetanse enn personleg kjennskap, seier Økland. 

Kontoret i Landbrukets Hus i Ølen er basen. Det blir også nytta av spesialrådgjevar Eivind Vik, som har heile landet som arbeidsplass, og distriktssjef Bjørn Halvor Åsland, som har sitt hovudkontor i Haugesund, men prøver å vera i Ølen ein dag i veka. 

- TINE er fremst i landet på storfe og mjølkeproduksjon. Innimellom oppfattar andre oss som ein konkurrent til Norsk Landbruksrågivning (NLR), men vi har eigen samarbeidsavtale med NLR og jobbar godt i lag. Det hender at vi glir litt over i kvarandre i høve til oppdrag, men slik må det væra. For å seia det enkelt skal vi vera best på det som er inne og NLR på det som er ute, sier Åsland. 

Mange flinke fagfolk blant bøndene 

TINE Rådgivning sine medlemmer og eigarar er mjølkeprodusentar, men TINE har også ein samarbeidsavtale med Nortura. For eksempel gjer dei berekningar for storfeprodusentar som ikkje leverer mjølk, og dei har økonomiske oppdrag for sauebønder. 

TINE Rådgivning jobbar mykje med økonomi og byggplanlegging, og har i tillegg ein del fagspesialistar innan mellom anna drift, leiing, mjølkekvalitet, avl, helse og fôr. 

- Det er utruleg mange flinke fagfolk blant bøndene. Skal vi være konsulentar for dei, må vi ha skikkeleg kompetanse med erfaring på toppen. Når vi tilset folk legg vi vekt på høgare utdanning, og dei fleste har utdanning på masternivå, seier Åsland. 

Fire var det meste vi klarte å samla på ein gong av den travle TINE-gjengen. F.v. Anja Våg Skjold, Ingvild Luteberget Nesheim, Ola Endre Alne og Eivind Vik. Sistnemde er spesialrådgjevar med heile landet som arbeidsstad. Foto: Ellen Marie Hagevik

Stadig fleire går over til robotmjølking 

På landsplan er talet på mjølkebruk halvert dei siste 10 åra. Det har ført til store endringar for bøndene, sidan mjølkeproduksjonen ikkje har gått ned. Ein av endringane er at stadig fleire går over til større fjøs og mjølkerobotar. For få år sidan blei berre nokre få prosent av mjølka i Hordaland produsert med mjølkerobot. I dag blir ein tredjedel av all mjølk robotprodusert. 

Anja Våg Skjold er fôringsrådgjevar og jobbar med fôroptimalisering. Ho er også blant dei fremste på å optimalisera og tilpassa både av mjølkerobotar og tilhøyrande utstyr. Det gjer at ho er mykje på farten til bønder over heile Vestlandet. 

- Når ein har spisskompetanse blir ein brukt der det er trong for det i TINE-systemet. Utbygginga av robotfjøs har nærast eksplodert dei siste åra. Eg har oppdrag i heile området vårt pluss litt i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, så det blir mykje reising, seier ho. 

Store utfordringar med grovfôr 

Den ekstremt våte sommaren og hausten har gjeve bøndene på Vestlandet store utfordringar i høve til grovfôr. Dette er også eit heitt tema for TINE Rådgivning. 

- Kvaliteten er veldig varierande, og det er mindre fôr enn normalt. Vi bidrar med rådgjeving i korleis ein skal utnytta fôret ein har på best mogeleg måte, sett i samband med kva ein har av dyr i fjøset. Er det trong for meir grovfôr enn ein har eller kan kjøpa, gjev vi også råd om korleis planleggja slakt for å unngå at ein får for lite fôr til dyra kan sleppast på beite, seier fôringsrådgjevar Ingvild Luteberget Nesheim. 

Både ho og Våg Skjold strekar under at det lurt å gjera tilpassingar tidleg når situasjonen er som no. 

- 2013 var også eit dårleg grovfôrår. Då var mange av bøndene tidleg ute med å planleggja og spara fôr, og det gjekk greitt for de alle fleste, seier Våg Skjold. 

Ølen er det største og mest tverrfaglege kontoret med åtte tilsette, samt ein spesialrådgjevar som har heimekontor og heile landet som arbeidsstad og driftssjfen som er innom rundt ein dag i veka. Desse jobbar i Ølen:


Anita Larsen 
Nøkkelrådgjevar og avlsplanlegging
Anja Vaag Skjold
Fôringsrådgjevar og spesialist på fôroptimalisering
Bjørn Steinar Nesheim
Nøkkelrådgjevar
Helene Sejersted Bødtker
Veterinær, førebyggjande helsearbeid
Ingvild Luteberget Nesheim
Fôringsrådgjevar
Magne Økland
Nøkkelrådgjevar, mangeåring tilsett med brei erfaring
Ola Endre Alne 
Økonomirådgjevar, prosjektleiar for storfeprosjektet i Hordaland
Åge Madsgård 
Nøkkelrådgjevar
Bjørn Halvor Aasland
Distriktssjef distrikt Hordaland og Ryfylke
Eivind Vik 
Spesialrådgjevar i fagavdelinga til TINE, opplæring i økonomi og leiing

Dyrehelse og klimaavtrykk 

Dyrehelse og klima er viktige tema både for bønder og rådgjevarar. Det blir jobba mykje med å oppretthalda den lave antibiotikabruken i Noreg og å utrydda enkeltsjukdommar, og Ølen-kontoret har eigen veterinær, Helene Sejersted Bødtker. 

TINE satsar også tungt innan klima og har mellom anna eigne fagfolk på området sentralt. 

- Det er stor forventning til at bøndene skal gjera noko med klimaproblema i form av lågt klimaavtrykk. Her viser det seg at ting kanskje ikkje er heilt som mange trur - at det er storleiken som har noko å seia. Det er bøndene som driv best med dyr, areal, bygg og økonomi som har lågast klimaavtrykk, seier Åsland. 

For bøndene er det stadig større press på marginane, og det er knalltøft å investera. Nokre av dei største utfordringane er å få tak i kvoter og areal til dyrking av grovfôr. 

- Vi opplever etterspørsel etter både kvoter og areal og ser at desse to faktorane er avgjerande for dei som ønskjer å satsa. For oss er det viktig å bidra med god rådgjeving i produsentane sine beslutningsprosessar, og vi opplever stort trykk på tjenestene våre, sier Åsland.


Kort om landbruket i Vindafjord

  • Vindafjord kommune er ein av dei største husdyrkommunane i landet og ein av dei to største skogbrukskommunane i Rogaland. 
  • Heile 36,3 prosent, eller 217.611 dekar, av landarealet på 621 kvadratkilometer er produktivt skogareal. 
  • 43.574 dekar (7,3 prosent) av landarealet er dyrka jord, 2189 dekar (4 prosent) er overflatedyrka jord og 36.145 dekar (6,0 prosent) er gjødsla beite. 
  • I jordbruket er mjølk og kjøttproduksjon dominerande, og på det meste av landarealet blir det dyrka grovfôr.




Landbrukets Hus i Ølen

I fleire saker vil Medvind24 presentera kva dette allsidige kontorfelles-skapet kan tilby av tenester

  • 11. september 2006 opna landbruks- og matminister Terje Riis- Johansen Landbrukets Hus i Ølen. 
  • Tine, Vestskog, Tveit regnskap, Vindafjord Avløysarlag, Haugaland Landbruksrådgjeving og eit prosjektleiarkontor kunne då offisielt ta i bruk kontorfellesskapet i 2. etasje i Ølen Senter. 
  • Alle verksemdene som var med frå starten er framleis med 11 år etter, men nokre av dei har skifta namn. Blant andre Haugaland Landbruksrådgjeving som no heiter Rogaland Landbruksrådgjeving.
  • Første sak i serien: Gjev råd til bøndene på Haugalandet
  • Andre sak i serien; Med fagleg tyngde og godt humør



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden