Tar garden med seg inn i sentrum

- Me tar ikkje mål av oss å skape ein ny Seljord-marknad eller ei etterlikning av landbruksdelen på Etne-marknaden. Målet er å vise sambygdingar og andre kva vindafjordbøndene har å by på.

Styreleiar Andreas Lundegård i Vindafjordbonden ser fram til å promotere mangfaldet i landbruket i Vindafjord. For andre gong inviterer bøndene til open gard, midt i Ølen sentrum. Under mottoet «Vil vekst» skal Vindafjordbonden visa att i landskapet. 

- Siste laurdagen i september tar me gardsaktivitetane med oss til sentrum og innbyr publikum til ei mønstring av dyr og maskiner. Det blir salsboder der publikum kan kjøpe lokalproduserte matvarer, me skal selje diverse matrettar og det blir sjølvsagt ymse aktivitetar for både store og små, fortel Lundegård. 

Kåring av sau og flisfyring 

Eit nytt innslag i marknaden blir kåring av lam. Ølen Sau og Geit har fått klarsignal frå Mattilsynet for å arrangere kåring midt i Sjoargata. 

Ei kåring går ut på å kvalitetssikre lam for bruk i framtidig saueavl. Godkjende dommarar skal, etter spesielle reglar gitt for kvar rase, kåre dei lamma som best eignar seg for vidare avl. 

- Det er eit trongt nålauge å kome gjennom, og konkurransen er stor. Me reknar med at dommarane får nærare eit par hundre lam til vurdering, fortel Lundegård. 

Han peikar elles på demonstrasjonen av eit biobrenselsanlegg som noko publikum må få med seg på marknaden. Arild Urdal viser korleis flisfyring kan vera eit godt eigna alternativ i energiforsyninga. Urdal har lang erfaring med flisfyring, og var med alt då Vindafjord kommune i 2007, som første kommune på Haugalandet, fekk varmt vatn og vassboren varme frå fyring av treflis. 

Frå tautrekking til «tractor pulling» 

Dagleg leiar i Vindafjordbonden, Frank Abelseth, mimrar over høgdepunktet frå i fjor; tautrekking mellom dei ulike bondelaga i kommunen. 

- Etnesbuen stilte òg lag, men dei tapte. Dei blei grisebanka, mimrar Abelseth. 

- No ryktas det at dei vil ha omkamp, men mest sannsynleg blir det ikkje noko av den vanlege tautrekkinga. Me kjem heller til å satse på vår eigen versjon av «tractor pulling», fortel Abelseth. 

Kva denne eigne versjonen går ut på vil korkje han eller Lundegård røpa. Ikkje om det er traktorkrefter som skal målast, eller om det er mannekraft mot traktor som skal testast. 

- Det får dei sjå dei som stiller. Eg reknar med stor stemning. Ja, det kan ta heilt av, slår ein løyndomsfull Lundegård fast. 

Mellom klokka 11 og 15 blir sentrumsgata mellom Byggmix og Bruktbutikken gjort om til ein stor bondegard siste laurdagen i september. Lundegård og Abelseth vonar på 1000 publikummarar, men blir nøgde om fjorårstalet på om lag 500 blir slått.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden