Nytt tilskudd i  Omega Design

Sveinung Bjelland er nytilsett i design-og kommunikasjonsbedrifta i Ølensvåg.

Image
Sveinung Bjelland har god suksess som frontfigur i bandet Pakkers, no tar han og erfaringa som grafikar og kundebehandlar med seg til Omega Design. Her saman med dagleg leiar Astrid Eidhammer Hjelmeland. Foto: Omega Design.

@Render("M24_Byline",Caption:"Pressemelding")

- Eg ser fram til å arbeide med flinke folk, og bli ein del av Omega som bedrift. Det handlar også om å bli med eit sterkt miljø med god breidde. Det blir kjekt å kunne diskutere fag saman med resten av gjengen, eg gler meg stort, seier Sveinung Bjelland som peikar på at han aldri var i tvil om å gripe sjansen om ny jobb når den melde seg.

Bjelland går no frå jobben som grafikar og marknadskonsulent i Kai Hansen Haugaland og startar i Omega Design i midten av juni. Han er kjent for mange som grafikar, typograf og kundekontakt. Han har også lang erfaring i bransjen, både regionalt og lokalt i Vindafjord og Etne.

- For oss passar det veldig godt å få Sveinung på lag. Me har samarbeida godt i produksjonsprosessar over lang tid og nå blir han eit friskt pust på laget vårt. Sveinung kjem til å halda fram med å vera godt synleg og følgja opp kundar i lokalt. Det er han særs god på, seier dagleg leiar Astrid Eidhammer Hjelmeland.

På fritida er Sveinung frontfigur i bandet Pakkers og har sauer på Bjelland i Åkrafjorden. Kommunikasjonsbedrifta Omega Design jobbar med både mobilapp-utvikling, filmproduksjon, nettutvikling, grafisk design, PR, kommunikasjon, kurs og tekstarbeid. Bedrifta har kontor i Ølensvåg og på Sand, og tel no 14 tilsette. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden