Stor skogfagleg samling for kvinner

Kvinner i Skogbruket arrangerer landsmøte og temasamling om nær og ny næringsutvikling. - Her er terskelen låg. Det er ikkje krav om verken å eige eller kunne noko om skog for å være med, seier Ingeborg Anker-Rasch.


Det lokale fylkeslaget til Kvinner i Skogbruket er i år vertskap for landsmøte og temakonferanse som skal foregå i Rogaland den første helga i september. Arrangementet startar med landsmøte og festmiddag i Stavanger fredag 1. september. Dei påfølgjande dagene blir det temakonferanse i byen og i rundt i fylket. Tema for samlinga er Nær og ny næringsutvikling, der innovative måtar å nytte skogressursane på vil stå i fokus. Påmeldingfristen er 1. august,og du finn meir info på kvinneriskogbruket.no.

– Vi inviterer kvinner frå heile Rogaland til å bli med og lære meir om korleis vi kan bli flinkare til kreativ næringsutvikling, seier Ingeborg Anker-Rasch frå fylkeslaget i Rogaland

Inspirasjonstur

Laurdag 2. september blir det rundtur i Ryfylke og Sandnes til bønder som driv litt utradisjonelt skogbruk. Mellom anna besøk hos juletredyrkar Olav Ravnås, som tidlegare har vunne kåringa av det vakraste juletreet i Noreg. Deltakarane skal også besøka eit heilt nytt sauefjøs som er bygd i trevirke etter eit nytt og lokalt utvikla byggekonsept. 

- Det er mykje å lære om korleis skogeigarar kan produsere kvalitetsprodukt og bygge opp gode merkevarer, og vi håper å bli inspirert av desse dyktige rogalandsbøndene, seier Anker-Rasch. 

Søndagen samlast deltakarne i det nye publikumsbygget på Mostun Natursenter i Stavanger. Dette er også er eit godt eksempel på bruk av lokalt trevirke med mange spennande løysingar.

Samlar kvinner frå heile landet 

- Her får vi høyre om korleis vi må tenkje annleis i «unge» skogområde jamfør i tradisjonelle skogstrøk på Austlandet. Her på Vestlandet har ikkje skogbruket den same sterke posisjonen, men samtidig har vi mange dyktige bønder som er flinke til å tenke nytt, seier Anker-Rasch. 

Dit kjem også NHO Rogaland for å gje tips om korleis skogbruket kan lære av det meir nyskapande næringslivet i fylket. Og kanskje blir det besøk av ein lokal gründer som koblar saman design, berekraft og flott, norsk trevirke. 

- Vi gler oss veldig til å få besøk av skoginteresserte kvinner frå heile landet, og vi håper at det også er mange frå Rogaland som vil være med på dette. Her er terskelen låg, det er ikkje krav om verken å eige eller kunne noko om skog for å være med. Dette blir eit nyttig og inspirerande samlingspunkt, så velkommen med i september, seier Anker-Rasch.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden