Språkopplæring for arbeidslivet

Språk og kommunikasjon spelar ei viktig rolle på arbeidsplassen. Vaksenopplæringa i Etne har nå eit større tilbod på kveldstid som byr på moglegheiter for næringslivet i Etne og Vindafjord.

- Språk er nøkkelen til nettverk og integrering, og kan skape betre kommunikasjon mellom kollegaer. Dersom bedriftene har fleire som ønskjer norskopplæring kan vaksenopplæringa sine kveldskurs vere ei gunstig løysning, seier Nils Einar Steinstø, dagleg leiar i Fikse Næringsforening.

Kurskveldar vaksenopplæringa i Etne

  • Når: Oppstart 26.oktober. Kurskveldar måndagar, tysdagar og torsdagar, kl 17.00-20.00.
  • For kven: Vaksne som ønskjer opplæring i norsk på kveldstid. Alle nivå velkomne. Nivå: A1-A2 (lågast nivå), A2-B1, B1-B2 (høgast nivå).
  • Lærarar: Brit Heggen Mæland og Ingemund Askeland
  • Pris: 70kr/time à 45 min
  • Påmelding: 53 75 81 83 (Enge skule) eller 917 90 448 (Brit Heggen Mæland), brit.heggen.maeland@etne.kommune.no.

Saman med leiar for vaksenopplæringa i Etne, Brit Heggen Mæland, inviterer han næringslivet i Etne og Vindafjord til å nytte seg av tilbodet om språkopplæring.

- Me har nå større kapasitet til å ta inn elevar på kveldstid enn tidlegare. Dette håpar me fleire vil nytte seg av, seier Mæland, som saman med Ingemund Askeland er lærarar på kveldskursa. Kveldskurset frå vaksenopplæringa stiller med eit breiare tilbod enn tidlegare og kan oppretthalde kurs der dei har 15 timar per veke.

Oppstart i oktober

Kursa på kveldstid har oppstart i veke 44, frå måndag 26. oktober. Det blir kurskveldar måndagar, tysdagar og torsdagar frå kl. 17.00- 20.00. Mæland ønskjer alle språknivå velkommen.

- Me har forskjellige nivå som ein kan starte på, totalt tre forskjellige. Ein treng ikkje kunne noko på førehand. Me vil vurdere nivået og dele inn i grupper etter kvart, seier ho og legg til at kveldskursa kostar 70 kroner timen, og timane er på 45 minutt.

Organisering etter oppstart

At kursa er på ettermiddagstid gir rom for at arbeidstakarar som jobbar på dagen får høve til å ta kurs om kveldane. Mæland ber bedrifter og interesserte ta kontakt med ho eller Enge skule, slik at dei saman kan sjå på løysningar for påmeldte og grupper.

- Gruppene og nivåa kjem til å bli organisert etter oppstart, og me må kartlegge nivåa først, fortel ho.

Vaksenopplæringa i både Etne og Vindafjord kommune har eit breitt tilbod til både elevar som betalar og som har rett på gratis opplæring. Det meste av tilbodet er på dagtid og dei samarbeidar på tvers av fylkesgrensa når det kjem til samlingar og møter, og i samarbeidet opp mot NAV som er flytta til Vindafjord. I Vindafjord kommune har dei per nå ikkje tilbod om kveldskurs, noko som kan passa betre for enkelte arbeidstakarar å gå på.  

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden