Spesialitetar med suksess

Å driva slakteri i dag er mykje meir enn å slakta. Kjøtet skal og seljast, og det gjeld å vera innovativ og tenkja ut nye måtar å omsetja på. Som å invitera kjøkkensjefar og kokkar på besøk.


Alt på eit lam som kan nyttast til mat.

Hos Nortura Sandeid har dei mellom anna spesialitetane Hardangerlam og Stjernelam frå Voss. 

- Stjernelam frå Voss prøvde vi ut i fjor i samarbeid med Rema 1000. Sidan lamma må vera frå Voss, er tilgangen avgrensa, og ein valde å prøva produkta ut i Rema-butikkane i Bergen. Det slo betre an enn eg trur både Rema 1000 og vi hadde sett for oss. Alt av vossalam var utseld før jul, og vi vil vidareføra konseptet til hausten, seier Stokkevåg. 

Utgangspunktet for Stjernelam frå Voss var Hardangerlam med lam frå kommunane Odda, Ullensvang, Ulvik, Granvin og Kvam. Dette er gourmetlam mynta på hotell og restaurantar. I fjor haust inviterte Nortura Sandeid kjøkkensjefar og kokkar frå dei historiske hotella til omvising og rettar laga av Hardangerlam. 

25 nye ambassadørar 

Vertskapet vart gledeleg overraska over at det kom så mange som 25. Dei ville sjå alt på fabrikken, og hadde mange spørsmål. 

Besøket vart avslutta med lekre rettar av lammekjøt, her lammecarré.

- Dei blei begeistra for både råvarer og maten dei fekk. Det beste er likevel tilbakemeldingane om at dette burde fleire gjera. Kortreist mat blir stadig meir populært. No reiste kokkane heim med historiar å fortelja om råvarene og maten dei serverer. Det set ein ekstra spiss på måltidet for kundane, og vi har fått gode ambassadørar for varene våre, seier Stokkevåg. 

- Synd at kundane ikkje får valet 

Lam er å få tak i frå Nortura heile året. Akkurat no er det sesong for slakting av vinterlam. At det for tida er 100.000 lam på lager i Noreg, heng mellom anna saman med at mange butikkar vel å ikkje ha varer av lammekjøt anna enn i «fårikål-sesongen» om hausten, pinnekjøt til jul og lammelår rundt påske. 

- Det er totalt sett mykje på lager, og det vert gjort ulike tiltak for å få redusert dette lageret. Det er butikkkjedane som bestemmer kva som skal ut i butikkane, men eg synes det er synd at forbrukarane ikkje sjølv får bestemma om dei skal kjøpa produkt av lam heile året, seier Stokkevåg.



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden