Sparkar i gang Game of Skills

Næringslivet i Vindafjord og Etne vil skape blest om attraktive sommarjobbar i regionen. I sommar sparkar dei i gang Game of Skills-prosjektet som Medvind Næringshage og Fikse Næringsforening står bak.



Inspirerte av Sildicon Valley-satsinga på Haugalandet i fjor, har Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) engasjert Medvind Næringshage og Fikse Næringsforening for å bygga opp eit eige sommarjobb- program for bedriftene lokalt som startar opp til sommaren. Jenny Henriksen Leite frå Omega Design er prosjektleiar for satsinga, der 11 bedrifter allereie er med. Bedriftene ynskjer å vise fram kva attraktive arbeidsplassar dei kan tilby , og kva næringsliv som finst i regionen.

– Målet er naturlegvis at fleire skal sjå moglegheitene for ein karriere her lokalt, og gjerne flytte heim igjen, fortel Henriksen Leite.

Så langt er det nokre av dei største bedriftene i regionen, i tillegg til Vindafjord kommune som er med. Men det er viktig å vise at her finn ein stort spenn i ulike jobbar, alt frå fagutdanningar til kompetansearbeidsplassar.


Game of Skills

    Sjekk ut nettsidene til Game of Skills  - her får du oversikt over jobbar og bedrifter som er med i prosjektet.

Viktig nettverk

– Det er eit behov for å synleggjera kva kompetansearbeidsplassar som finst lokalt og kva aktørar som tilbyr dette i Etne og Vindafjord, seier Nils Einar Steinstø, dagleg leiar i Fikse Næringsforening.

– Kompetanse, samt inspirasjon er noko av det studentane bringer med seg. Studentane kjem med ny giv og kunnskap, og dei stiller gode spørsmål. I ein kvardag der verda stadig er i endring blir dette viktig. Dette skaper også gode nettverk og trivsel, meiner Steinstø.

Han understrekar at det for bedriftene er positivt at studentar får koma og bli kjent med dei slik at dei får gjera seg erfaringar og sjå potensiale i ein framtidig jobb. Også dagleg leiar i Medvind Næringshage, Kari Aakra meiner prosjektet har stort potensiale.

– Dersom me klarer å rekruttere ungdom og unge vaksne gjennom dette prosjektet, vil næringslivet i Etne og Vindafjord ikkje berre sikre seg fagkunnskap og nye, kloke hovud. Eg trur også at kommunane med dette vil få ei rekkje gode ambassadørar. Ambassadørar med store nettverk, som er i ein fase av livet der ein planlegg for framtida, og forhåpentlegvis eit liv i heimkommunen.  Den sosiale biten av Games of Skills vil vera ein viktig del av dette. Me e alle flokkdyr og det å vite at ein har det sosiale nettverket på plass når ein skal etablere seg på ny plass eller i heimtraktene, trur eg er avgjerande for mange.  Ein spanande arbeidsplass er ofte den viktigaste brikka i puslespelet, men det sosiale og ei allsidig fritid spelar ei viktig rolle, meiner ho.

Felles marknadsføring

Bedriftene som er med i prosjektet dreg også nytte av felles marknadsføring av prosjektet gjennom nye nettsider som nyleg vart lansert, og etter kvart gjennom blesting i sosiale medium for å nå målgruppa. Her blir bedrifta di ein del av ein større pakke og når ut til eit større publikum med jobb-annonsa.

– Me tar oss av marknadsføringa, men sjølve rekrutteringsprosessen må bedriftene sjølve ta ansvar for, fortel prosjektleiar Jenny Henriksen Leite. Det kortsiktige målet med sommarjobb-prosjektet er å hente inn kompetent og relevant arbeidskraft til lokale arbeidsplassar. Næringslivet i Etne og Vindafjord kan skilta med kompetansearbeidsplassar og ei årleg verdiskaping på meir enn fem milliardar. Trass i sommarferie og lite folk på jobb i mange bedrifter får dei fleste til å gjennomføre prosjektet i eller rundt sommarferien.

– Nokre ynskjer å gjennomføre dette litt før eller etter sjølve sommarferien, og her er me fleksible, det får me til, meiner Henriksen Leite som også lovar sosiale møtepunkt for ungdommane som får jobb via prosjektet. No håpar ho interesserte studentar ser moglegheita for å sjekke ut lokalt næringsliv, og få ein smakebit på kva bedriftene i Etne og Vindafjord kan tilby av attraktive arbeidsplassar framover. Det er ikkje berre studentar under utdanning som kan søkje jobb gjennom Game of Skills, nokre bedrifter er også på jakt etter å fylle traineestillingar og deltidsjobbar, andre er interessert i å høyre frå deg som skal skrive bachelor- eller masteroppgåve.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden