SØK utset saka om aksjesal

Styret i Skånevik Ølen Kraftlag AS (SØK) har vedtatt å utsetje saka om aksjeselskapet si framtid til ei ekstraordinær generalforsamling når det blir lov å samla 500 personar under eitt tak.


For styret er det overordna viktig at framtida for SØK blir avgjort på ein måte som gjer det mogleg for alle aksjonærane å delta og stemma, og ikkje etterlet seg nokon spørsmål om gjennomføringa av generalforsamlinga. Med dagens smittevernreglar er det umogleg.

- Me har allereie 250 påmelde til årsmøtet, og mange har varsla at dei truleg møter opp til møtet utan påmelding. Me kan ikkje avvisa nokon eigarar frå generalforsamlinga, men smittevernet tillèt berre 200 personar under same tak. Me har prøvt å finna alternative former for deltaking, men alle alternativ har ulemper eller kan medføra forskjellsbehandling av aksjonærar

I 2017 gjekk det tidlegare kraftselskapet i Skånevik og Ølen inn i Haugaland Kraft og blei omgjort til eit aksjeselskap. Dei som tidlegare var andelseigarar i selskapet og som var faste straumkunder i selskapet, fekk aksjar i nye SØK AS. SØK har dei siste åra fått 8 – 10 millionar kroner i utbytte frå Haugaland Kraft, og utbyttet frå desse aksjane har finansiert deler av det SØK har brukt til å støtte lokale lag og organisasjonar. I 2019 delte SØK ut i overkant av 2,5 millionar kroner. SØK betalar også utbytte til aksjonærane sine, for 2019 foreslår styret eit utbyte på vel 2,2 millionar kroner. 

Vil avvikle selskapet

Den planlagde generalforsamlinga førstkomande tysdag skulle etter planen avgjere saka om selskapet si framtid. No blir generalforsamlinga gjennomført med forenkla sakliste, og avviklingsforslaget kjem på agendaen så snart smittevernreglane tillet å samla 500 personar. Den siste tida har diskusjonen om eventuelt aksjesal i SØK gått varm. På eine sida står fleire store næringslivsaktørar som ynskjer at ein avviklar SØK og sel aksjane i Haugaland Kraft. Aksjonærane vil dermed får realisert verdiauken av aksjane i SØK nå, men går glipp av vidare verdistigning av Haugalande Kraft-aksjane. I 2017 og 2018 auka verdien på aksjane i Haugaland Kraft med 44 prosent, noko som ifølgje SØK utgjer meir enn 50 millionar kroner årleg for SØK-aksjane. Den positive utviklinga haldt fram i 2019, men resultatet for 2020 er derimot meir usikkert. I forslaget frå nokre bedrifter ligg det også framlegg om å setje av 10 prosent av salssummen til eit fond som igjen skal støtte bygde - og næringsutvikling lokalt, dette er ein eingongssum som dermed ikkje gir tilgang til friske midlar seinare.

Gylden middelveg

Styret er imot avvikling nå og har lagt fram eit forslag om ei mellomløysing mellom dagens struktur og avvikling av selskapet. I deira løysing blir det lagt opp til at SØK kan kjøpe opp mot 30 prosent av aksjane. På denne måten vil ein sikre langt på veg at dei som ynskjer det, får selje aksjane sine, og at ein samstundes vidarefører selskapet og funksjonen med å støtte bygde - og næringsutvikling i same omfang som nå. Styret vil setja av 3 gonger meir til allmennyttige føremål enn avviklingsforslaget. Gjeldande fordelingsnøkkel for støtte til allmennyttige føremål seier at inntil 1/3 kan gå til fiberutbygging (1 mill. kr i 2019), inntil 1/3 til bygde- og næringsutvikling i samarbeid med grendeutval og andre (1 mill. kr i 2019), og inntil 1/3 til lag, organisasjonar, forsamlingshus og kulturarv (vel 600 000 kr i 2019). Med styret sitt forslag kan også aksjonærar som blir igjen i selskapet, få med seg ein eventuell verdistigning i framtida. Det blir derimot nødvendig for selskapet å finansiere eventuelle aksjekjøp ved å ta opp betydelege lån, som igjen vil krevje at ein del av utbyttet frå Haugaland Kraft vil gå med til å betala renter.

SØK

  • Skånevik Ølen Kraftlag (SØK) eig 3,9 prosent i Haugaland Kraft etter at dei to selskapa vart slått saman i 2017.
  • Meininga med aksjeselskapet SØK var at ein skulle nytte utbyttet frå aksjane i Haugaland Kraft til å bidra til sikker og moderne forsyning av energi i konsesjonsområdet til SØK, bidra til breibandutbygging i området, legge til rette for bygde - og næringsutvikling og støtte samfunnsnyttige tiltak og aktivitetar til beste for innbyggarane i området.
  • Eigarane er no splitta i saka om ein bør selje aksjane og avvikle selskapet, eller finne ei mellomløysing som sikrar at dei som ynskjer det får realisert kapitalen dei eig i selskapet, samstundes som SØK kan bidra med støtte til lokalsamfunnet i framtida.

Komplisert røysting

- I tillegg til dette kompliserte spørsmålet om ein ynskjer å selje aksjane i selskapet og avvikle den forma det er i dag, så skal ein også røyste over heile åtte forslag til vedtektsendringar. Syretesten vår viste at dette blei for komplisert å gjennomføre som forhandsrøysting. Mange som skal røyste har spørsmål og treng meir informasjon før dei skal røyste, det kan ein berre sikre på eit ope folkemøte der alle kan stille. Men det betyr at me må vente med å gjennomføre ei ekstraordinær generalforsamling til me kan vere minst 500 deltakarar på offentlege arrangement. Ingen i SØK veit når det blir, seier Dalen.

- Dette vil vel også gi ekstra tid til dei som ynskjer å auke temperaturen i diskusjonen ytterlegare?

- Tja, kanskje tvert imot. Slike skjebnetunge avgjerder for bygdene våre må ikkje takast utan at alle kan få vera med å bestemma. Tida mognar alle spørsmål, også spørsmålet om framtida for SØK, seier Gunnar Dalen til slutt.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden