Stor samling for alle små

Arrangørane gjentar fjorårsuksessen og inviterer til småbedriftssamling. IT-gründer Jarle Ljosnes og dørprodusent Roar Knudsen står for årets bedriftshistoriar.


Dørprodusent Roar Knudsen (t.v) og IT-gründer Jarle Ljosnes  deler sine historiar om frå eit småbedriftsliv 30.oktober.  (Foto: Meister Fotografi/Ellen Marie Hagevik)

Kva utfordringar og moglegheiter står eigentleg dei små bedriftene overfor? Tysdag 30. oktober får me svaret når Fikse Næringsforening og Medvind24 Næringshage for andre gang inviterer til småbedriftssamlinga «Små bedrifter – Store verdiar». 

Totalt omset små bedrifter for 3,6 milliardar kroner i Vindafjord og Etne. Gründerane har jobben med seg ved frukostbordet, til middag og til sengs, helg som kvardag. Likevel hamnar dei ofte i skuggen av dei store lokomotiva i næringslivet. 

I fjor blei det forventa om lag 20 deltakarar til arrangementet. Over 70 deltakarar stilte, og arrangørane satsar på same oppmøte dette året med same fokus som i fjor, med nye namn og småbedriftshistoriar på planen.

Små bedrifter - Store verdiar

Program 2018: 

  • Fjorårets problem - kva har skjedd sidan sist? 
  • Opp av myra - Roar Knudsen om Knudsen Dørfabrikk 
  • Ei gasellehistorie - Jarle Ljosnes om JHL AS 
  • Småbedriftskulen - info om nytt kompetansetilbod 
  • Sofadiskusjonen - Open diskusjon med fokus på forenkling  



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden