Slik blir nye Ølen vidaregåande

Til hausten blir det byggestart, og våren 2020 tar bygg- og TIP-elevane ved Ølen vgs i bruk meir enn 1700 nye kvadrat toppmoderne undervisningslokale.


Nybygget vil bestå av verkstad og undervisningslokale på omlag 1700 kvadratmeter, med eit areal på ytterlegare 1000 kvadratmeter som er delvis overbygd. Sjå fleire bilde av det nye skulebygget lenger nede i saka. IIllustrasjon: Vikanes Bungum.  

- Det er allereie gjort ein stor oppgraderingsjobb på eksisterande bygg, og nå ser me fram til byggjestart il hausten, seier  Tor Inge Kalstad, avdelingsleiar for yrkesfag.

- Undervisningslokala skal tilsvara den reelle arbeidsplassen elevane møter etter skulen. Me skal gjenskapa dagens reelle industriarbeidsplass og byggjeplass, og kan dermed førebu elevane endå betre på yrkeskvardagen, seier Tor Inge Kalstad, avdelingsleiar for yrkesfag ved Ølen vidaregåande skule. 

Utvidinga av skulen omfattar 1700 kvadratmeter med undervisningsfløy, verkstad, grupperom og spesialrom for bygg- og anleggsteknikk (byggfag) og teknisk og industriell produksjon (TIP). 

I tillegg kjem eit tilleggsareal på 1000 kvadratmeter som er delvis overbygd. 

- Her vil me ha lager og leggja til rette for arbeid og praktisk undervisning utandørs, fortel Kalstad. 

Bygget har ein prislapp på 66 millionar kroner, og arbeidet med bygginga blir lyst ut som ein totalentreprise på Doffin i slutten av april. 

TIP-topp 

Byggfag og TIP har totalt 90 elevar. I dag leiger Ølen vgs lokale i det tidlegare SØK-bygget i Ølen sentrum til undervisninga på byggfag. Verkstad og undervisningsromma til TIP-linjene er utdaterte. Når nybygget står klart vil alle elevar vera samla, med nokre av dei mest moderne undervisningsfasilitetane i regionen. 

- Først og fremst gler me oss til å få framtidsretta undervisningslokale som speglar ein faktisk arbeidskvardag, både når det gjeld utstyr, verkstad, infrastruktur og HMS, slik at me også i eit langtidsperspektiv kan møta industrien sine kompetansekrav. I tillegg ser me fram til å få samla all aktivitet på campus, seier Kalstad. 

Der siste året har også heile det eksisterande skulebygget blitt bygd om. Det har vore full drift undervegs, og det vil det også vera når nybygget set i gang. 

- Me er veldig stolte av at fylkespolitikarane har valt å prioritera satsinga på Ølen vidaregåande skule blant alle dei som kjempar om midlar til skulane sine i Rogaland, seier Kalstad.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden