SkatteFUNN kan bidra med finansiering

Skal du utvikle ei ny eller betre vare, ei teneste eller ein produksjonsprosess? Veit du at det kan vera midlar å hente frå SkatteFUNN og at Medvind Næringshage kan rettleie deg i søkeprosessen?

Som Medvind24 nyleg skreiv om, så kan det vera pengar å hente til forsking på og utvikling av varer, tenester og produksjonsprosessar. Mange lokale verksemder har alt nytta seg av SkatteFUNN-ordninga, men konsernøkonomisjef Tor Magnar Kambe hos Fatland i Ølen meiner endå fleire kvalifiserer til slik stønad. Sjølv har han gjort sitt til at om lag 60 millionar SkatteFUNN-kroner har kome verksemder i vårt distrikt til gode sidan ordninga vart innført i 2002. 

- Det er ikkje så vanskeleg å utforme ein god søknad som mange vil ha det til, seier Kambe til Medvind24. 

Går glipp av skattelette 

Tor Magnar Kambe meiner det er mange SkatteFUNN-kroner å hente for bedriftene i Vindafjord, og oppmodar fleire til å søke. Foto: Karine Christensen

Dagleg leiar i Medvind Næringshage, Rita Fridfeldt, er samd med Kambe, men veit òg at det er mange som vegrar seg for å starte søknadsprosessen, eller som ikkje ein gong har vurdert om prosjekta deira kan kvalifisera til midlar frå SkatteFUNN. 

- Mange har nok gått glipp av skatteletten denne ordninga legg opp til. Når ein ser på kva prosjekt som har fått slike midlar, og kor mykje spanande som skjer i verksemdene rundt om i kommunen vår, så er eg viss på at talet kunne vore mykje høgare, seier Fridfeldt. 

Næringshagen som rettleiar

Medvind Næringshage ønskjer å slå eit slag for ordninga, og oppmodar fleire til å søke SkatteFUNN-midlar. 

- Me står meir enn gjerne til rådvelde for alle som treng rettleiing, enten det gjeld SkatteFUNN-ordninga eller saker som gjeld vidare utvikling av bedrifter. Me kan hjelpa til om det er ønsker om kontakt med andre bedrifter eller forskingsmiljø, endringar i driftsvilkår, trong for nye næringslokale eller andre utfordringar i samband med utvikling av prosjektplanar, finansieringsordningar og liknande, seier Fridfeldt, og oppmodar små som store bedrifter til å ta kontakt med Medvind Næringshage

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden