Skal sikre vegen

Mesta har fått kontrakten med drift og vedlikehald lokalt på E134 og riksveg 13. Camilla Børve er nytilsett prosjektleiar og brenn for at vegane skal vere trygge for dei som ferdast.


Sjølv kjem ho frå stillinga som kontorleiar i Haugaland Bygg og Betong AS, og er no tilsett som prosjektleiar i Mesta.

– Det har vore veldig kjekt å starte i ny jobb, men det er klart det er mange nye oppgåver, og mykje nytt å lære seg. Me har ein utruleg fagkompetanse i Mesta, som heldigvis er god å lene seg på. Noko av det mest utfordrande er å heile tida ha kontroll på det som skjer langs vegnettet som ligg i kontrakten, fortel Børve som kjenner godt til samferdslebransjen frå sin tidlegare jobb.

I Mesta lokalt er dei åtte tilsette, som alle bur på strekninga Sauda - Ølen - Etne - Skjold, dermed kjenner dei vegnettet godt og ikkje minst kva utfordringar som kan oppstå, både sommar og vinter. Kontrakten gjeld drift og vedlikehald av E134 frå Fjæra til Hodnafjell og riksveg 13 frå Tau til Røldal.

1. september 2022 kjem også E39 inn i kontrakten som har ein verdi på 387 millionar kroner. Kommunane som er inkludert i kontrakten er Karmøy, Haugesund, Tysvær, Bokn, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sveio, Stord, Fitjar, Vindafjord, Etne og Ullensvang.

– Det viktigaste for oss er at alle har det trygt på vegane, både dei som er billistar og dei mjuke trafikantane. Me veit at rassikring og vegstandard engasjerer rundt i kommunane, og me har dagleg kontroll på vegane me har ansvar for. Sidan me veit det er utfordringar på standarden blir det endå viktigare å bruke kompetansen vår på ein god måte, slår prosjektleiaren fast.

 – No har me nett starta arbeidet med å få brøytestikkene ut, det er klart eg er spent på korleis vinteren og brøytinga blir, men eg trur me har gode løysingar, og gode underleverandørar som skal halde vegane våre opne. Slik sett er me godt rusta for vinteren.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden