Skal bli best i landet på pølser og is

Det er allereie den mestseljande Statoil-stasjonen i Rogaland, og nestbest på landsbasis. Nå skal Statoil Ølensvåg i løpet av dei tre neste vekene bli best i landet på is- og pølsesal. Kjem dei til topps, går turen til fotball-EM i Frankrike.

I løpet av det siste året har Statoil Ølensvåg konkurrert seg til topps i fylket, og til andreplass på landsbasisi. Dei neste tre vekene skal dei kjempa om å bli best på sal av is og pølser, og berre i løpet av dei to første dagane har stasjonen i Ølensvåg fått ein pangstart på salet. Foto: Karine Christensen 

I eitt år har alle Statoil-stasjoner i landet kjempa om finaleplass i Statoils «Sales leagues»-konkurranse. Nå er dei beste stasjonane i kvart fylke kåra, og skal dei neste tre vekene kjempa om å bli best i landet på sal av is og pølser. Sjølve finalerunden går til og med 24. april, og som Rogaland sin fylkesvinnar ladar Statoil Ølensvåg opp til eit tre-vekers maraton i is- og pølsesal. 

 - Dei neste tre vekene skal me ha ein aktivitetsdag i veka. Me startar nå på laurdag med gode tilbod, grilling, aktivitetar og konkurransar for både born og vaksne. Vårt mål er alltid at det skal vera kjekt å komma innom Statoil Ølensvåg, og i løpet av dei neste tre vekene kan det bli litt meir moro og underhaldning enn vanleg, seier butikksjef Anita Berge. 

Målretta arbeid  

I den nasjonale finalen blir fylkesvinnarane målte på kor mange pølser og Royal-is dei sel per 100 kundar, og kor mykje av maten som blir seld med drikke. Gode salsresultat har tatt stasjonen til topps i fylket, og til pallplass som den nest beste stasjonen i landet. 

 I løpet av 2015 selde Statoil-stasjonen i Ølensvåg 43 481 pølser, gjennomsnittleg 119 pølser dagleg. Finalerunden starta måndag 4.april, og berre i løpet av dei to første dagane i finale-kampanjen er det seld 290 pølser. 

På isfronten er det dei to siste dagane seld 327 is. Dermed har stasjonen allereie fått ein pangstart på finalerunden. 

- Me har arbeidd veldig målretta heile vegen, og har ein utrulig engasjert gjeng med dyktige butikkmedarbeidarar. Dei står ikkje berre «i kassen», men veit kva og korleis dei skal selja gode produkt som kundane ønskjer, seier Berge. 

EM-kamp i premie 

Om Statoil Ølensvåg går av med sigeren, er det strake vegen til Frankrike og EM-kampen mellom Sverige og Irland for alle dei tilsette. Stasjonen tel i dag elleve medarbeidarar som alle har gjort ein enorm innsats det siste året og kjempa seg til fylkes- og Noregstoppen, seier dagleg leiar ved Statoil Ølensvåg, Bjarte Berge. 

- Det ligg stor prestisje i å bli den beste stasjonen i landet, og me er både stolte og audmjuke for å ha kome til finalen. Me har ein motivert gjeng på stasjonen som har lagt ned enorm innsats det siste året, der me har vunne fram i fleire kampanje-konkurransar i Statoil, både på sal av bilvask, bollar, burgarar og andre kampanjar, seier han. 

- Det har ikkje mangla på verken involvering eller kreativitet, og det har ført oss til finalen. Nå handlar alt om dei neste vekene, understrekar Berge. 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden