Satsar på transport-lærlingar

Fleire transportbedrifter står bak oppstarten av eit lærlingkontor for yrkessjåfør og logistikk med lokal forankring på Haugalandet. Lærlingkonsulent Camilla Grindheim ynskjer å gi lærlingane i bransjen best mogleg oppfølging.


Camilla Grindheim er nytilsett lærlingkonsulent ved Lærlingkontoret Yrkessjåfør og Logistikk SA som Suldal Transport AS, Hustvedt & Skeie Transport AS, Bøviks Transport AS, Gangstø Transport AS og Toth Transport AS står bak. Målet er å etablere eit opplæringsmiljø som er spesialisert på yrkestransport og logistikk i Nord-Rogaland. Med ein liten organisasjon og effektiv drift ynskjer bedriftene å gi mest mogleg tilbake til lærlingane i form av tett oppfølging, faglege samlingar og opplæring. I tillegg til Camilla er Jane Haaranes tilsett som dagleg leiar i selskapet som vil ha kontorplass over Suldal Transport i Aksdal.

Image
Camilla Grindheim er nytilsett lærlingkonsulent i det nye opplæringskontoret for transportbransjen. Oppstarten i jobben vart på heimekontor på grunn av innskjerpa koronareglar.

– Det var naturleg sidan Suldal Transport er den største medlemsbedrifta me har, og sidan Aksdal er eit midtpunkt mellom bedriftene våre som held til i heile distriktet mellom Suldal, Sauda og ut til Karmøy, fortel Grindheim.


Treng logistikk-jobbar

Camilla Grindheim er eit kjent ansikt i bransjen, fram til nyleg jobba ho i Opplæringskontoret for transportfagene i Vest og er dermed godt kjent med dei fleste bedriftene i distriktet. Fram til no er det på plass 10 medlemsbedrifter i det nye selskapet, og 25 lærlingar har teikna lærekontrakt. To av desse lærlingane er innan logistikk-faget medan resten er lærlingar som yrkessjåførar.

–  Det speglar interessa blant lærlingane godt, men det er også eit bilete på kor få læreplassar det finst i logistikkfaget. Dette er eit breitt og samansett fag som mange bedrifter ikkje har eigne stillingar til, mange har kanskje ein lagersjef, og det kan vere ei krevjande stilling å setje ein lærling inn i, meiner Camilla som sjølv har både CE-sertifikat og fagbrev som logistikkoperatør og dermed veit korleis arbeidskvardagen i begge gruppene ser ut.

– Logistikkjobb kan vere alt frå å styre bilar i eit transportselskap til å sortere dyr som kjem inn til slakteriet, det er ikkje berre dei som er veldig systematiske av seg som passar inn i logistikkfaget, dette er noko som er aktuelt for dei aller fleste bedrifter og yrke, meiner Camilla Grindheim.

Ho skulle gjerne vore på rundtur no og besøkt både skular, bedrifter og lærlingar, men innskjerpa koronareglar fører til at ho har starta den nye jobben med heimekontor.

– Eg gler meg til eg kan besøkje bedriftene, og høyre korleis lærlingane har det der ute. Sidan me jobbar med yrkessjåførar er me for så vidt vane med å ha mykje telefonkontakt med dei, men det er likevel kjekt å besøkje arbeidsplassen, fortel Grindheim.


Mål om fleire jenter

Ho meiner både yrkessjåfør og logistikk er fagområde som kan passe mange godt.

– Som sjåfør er du jo mykje åleine på vegen, og har eit stort ansvar. Mange av lærlingane er berre 18 år og har ansvar for opp mot 50 tonn på vegen, det er ikkje berre enkelt i alle årstider og føreforhold. Men det er og fritt og fint, eg kan ofte sakne jobben på vegen, meiner Camilla som sjølv ofte har vore ei av få jenter i eit mannsdominert transportselskap. Noko ho gjerne vil vere med å endre.

– Me jobbar for å få fleire jenter inn i bransjen, både fordi det er sunt for arbeidsmiljøet og ikkje minst fordi dei ofte er gode sjåførar med låg skadestatistikk. Det er til tider ein fysisk tung jobb, men ein lærer seg ulike teknikkar slik at ein treng ikkje alltid vere stor og sterk for å få det til, meiner ho bestemt.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden